Slik går det når ein sit på nattevakt og ein ikkje er heilt vaken. Eller praten går lika fort som pinnane. Var komt langt før eg oppdaga det, men kva gjer ein? Jau ein fortset å strikka og lager to høgre vottar og, så har ein plutseleg to par i stadenfor eit. Aldri so gale at da ikkje e godt for noko……..
Vottane er henta frå: pt design nr: 82 og strikka i pt 5 sport. Bra garn å strikka i, faktisk. Så det vert nok strikka ein del vottar fram over……
Dette er noko av det eg fekk til jul av mann og barn. 2 sett med Harmony wood pinner og ein strikkekoffert? Eg kan i allefall ha strikkepinnane mine oppi denne. Pappa trudde eg hadde fått meg jordmorkoffert :)
Her sit hunden i huset og lurer på om han får gå ut..? Ekje store karen, men gud kor fin han er.