Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 10. desember 2009

Endeleg dei fyrste hanskane mine ferdige..

DSCF3963DSCF3964

Og jammen vert det lenge til før eg strikkar fleire slike,…trur eg. Guri for eit pirk å strikka alle fingrane. Då er det jammen betre å strikke vottar. Då har eg berre tommelen.

Mønster: Drops

Garn: Fabel frå garnstudio

DSCF3954 DSCF3956 Sist helg var ei skikkeleg travel helg. Som starta på laurdagen med jobb på sy og strikkebui, ferdig der kl. 14 og reiste rett til norheimsund til besto sin 80 årsdag. Søndagen då køyrde eg og Hallvard til Bergen med minsta systo mi. I Bergen viste det seg at det var søndagsopent, så eg fekk handla litt på søndagen og eg.

Bildene over og under er tatt på julehuset til Audhild Viken på bryggen. Masse fin julapynt hadde dei der.

DSCF3961 DSCF3962  

I dag har eg fri frå jobb, så eg har baka sjakkruter og julabrød. Vert spennande å sjå om julabrødna vert lika gode som dei jentungen laga i fjord.

Ha ein fin dag alle saman.

4 kommentarer:

  1. Skjønar godt at det var masse pirk på dei hanskane....men so var dei no flotte òg.
    Er nett begynt på pulsvarmarar....enklare det.....
    Takk for sist, foresten!!!!
    God helg!

    SvarSlett
  2. vart no flotte hanskane!og eg er som du, vottar er bedre å strikke, eg hadde ikkje overlevt strikke-10-fingrar-stresset, so eg bøyer meg i støvet!

    SvarSlett
  3. Hei, ser at eg har ikkje heilt følgt med her. den awarden såg eg først no. tusen takk !!!

    SvarSlett