Då har eg endeleg vore på Blåfjell eg og. Da var litt slit å koma seg opp dei brattebakkane, fleire var rett opp
Men me kom oss no opp. Og eg kvidde meg for å sigle ned att.
Her ser me Anestølsvatnet frå Kambafjellet. Utruleg utsikt.
Toppen er nådd og me hadde ein velfortent pause.
So var det berre turen ned att. Då me sto på toppen så seier eg “fyrstemann ned spanderar middag”. Jarle og Per Egil måtte venta på meg ned dei brattaste bakkane, likar ikkje lausnø og skare eg nemleg. Men då me kom ned på preppaløypa, så tok eg av og såg ikkje gutane att. Så kven trur de var fyrst ned ??? Jaudå Linda, så ho måtte spandera middag i dag……kinamat er godt