Drista meg til ein farge som viser, ikkje berre grått, svart eller liknande. Denne vinteren skal de sjå at her kjem eg .
Mønster: Her
Garn: Drops alpaca.
Pinner: 3.5 mm og 4.5 mm.
Mengde: Trur eg brukte 4 nøster tilsaman.
Her har eg strikka eit par leggvarmarar til ei jente på 7 år. Ikkje kjenner eg jenta, men eg håpar at dei passar. Mønster har eg laga sjølv. Ikkje nett noko designar, men eg glimtar til innmellom…. Sjølv om eg hels likar å strikke etter oppskrift, er litt mindre tenking og fundering då….i allefall viss oppskrifta er rett. Ikkje alltid oppskriftene er rett heller, eller at dei kan vere litt tungvint skrevne. Men men desse har no eg brukt hjernen min på, og no skal dei sendast til Bergen. Håpar dei kjem fram og ikkje havnar ein eller annan plass i posten systemet der dei ikkje skal vera……
Og så må de ikkje gløyma å melda deko på give awayen min i innlegget under.