

Og jammen vert det lenge til før eg strikkar fleire slike,…trur eg. Guri for eit pirk å strikka alle fingrane. Då er det jammen betre å strikke vottar. Då har eg berre tommelen.
Mønster: Drops
Garn: Fabel frå garnstudio
Sist helg var ei skikkeleg travel helg. Som starta på laurdagen med jobb på sy og strikkebui, ferdig der kl. 14 og reiste rett til norheimsund til besto sin 80 årsdag. Søndagen då køyrde eg og Hallvard til Bergen med minsta systo mi. I Bergen viste det seg at det var søndagsopent, så eg fekk handla litt på søndagen og eg.
Bildene over og under er tatt på julehuset til Audhild Viken på bryggen. Masse fin julapynt hadde dei der.
I dag har eg fri frå jobb, så eg har baka sjakkruter og julabrød. Vert spennande å sjå om julabrødna vert lika gode som dei jentungen laga i fjord.
Ha ein fin dag alle saman.