Endeleg ferdig! Denne satarta eg på tidleg i januar og tenkte at dette var fort gjort. Berre masse glattstrikk (lett tvstrikk) før felling og mønster. Men neidå dette tok tid, nettopp fordi det er så mykje anna fint å strikke…..og eg ikkje har lert å gjera meg ferdig med ein ting før eg startar på noko nytt. Ja ja eg er vel ikkja aleina om å ha det slik
Mønsteret er frå drops/garnsudio sine sider. Og garnet eg har brukt er drops sin alpaca. Greit garn å strikke med. Fine fargar har det og.
No har eg starta på ferieveke 2. Og nett no regnar det ikkje. Faktisk bra klestørk. Noko me ikkje har hatt for mykje av i det siste.
Denne veka tek me turen til Ålesund, fyrst må berre mannen gjere seg ferdig med ein date med Bruce…. Og sidan me skal til Ålesund, er det nokon som kan anbefala nokre fine garnbutikkar. Mest truleg så skal me køyre opp til Raumaullvare på onsdag, noko som skal bli spennande.
Tilslutt må eg berre slenge ved nokre bilder frå Fimreite og sognefjorden. Bilde er tatt langt oppi lia over Fimreite og inn over fjorden. Jammen ein fin plass me bur på.
Ha ei fine veke alle saman.