Her er utsikta over Dalavatnet i sogndalsdalen, når ein er kom eover tregrensa.
Bratt var det oppover heile vegen. Og med min tunge og dårleg trente kropp så var ikkje dett ein god kombinasjon . Kvifor skal eg no alltid legge ut på slike strabasiøse turar???? Kanskje fordi eg trur eg er sprekare enn eg er?? Sikkert. Ja ja turen var fin den om eg ikkje kom meg på toppen….kanskje neste gong?
Utsikta frå der eg snudde kan ein ikkje sei noko på. Til venstre ser ein heilt inn På Laugavatnet og til høgre ser ein Anestølsvatnet.
Oppi snøen måtte eg leika meg litt. Sjølv kor sleten eg var. Sigla på rumpa ned ein bratt bakke
Her er det “lokst ut øve” Men for ein utsikt.
Her er eg ned att komen. Bilde 1 utan zoom, heilt opp til snøen midt i bildet var eg. 1,5 km rett opp. Tung som f….. Bilde 2 ser ein siste bjørka, som dei seier er halvegs til toppen. ( ikkje veit eg, eg var ikkje på toppen) og bilde 3 viser litt nærare kor eg var.
I dag tre dager etter kjenner eg det framleis i lårmusklane….eg måtte jo selvfølgelig ein tur dagen etter denne og…2 timar og 7,5 km…..før eg skulle på seinvakt…..trapper er ikkje noko godt å gå i, heller ikkje ned på hug
Men eg kjem meg…..