No har eg strikka kjolar til 2 systre, eigentleg hadde eg strikka noko anna. Men når me ikkje får ut fingen og reise på besøk, så vert det berre slik. Ting må strikkast på nytt. No håpar eg berre at me kjem oss avgarde og får levert desse kjolane før dei er forsmå dei og Ser de at me framleis har litt snø att. Sola skin og varmar godt, så den forsvinn fort.
Mønsteret er henta frå Tema 30. Masse fint i det heftet, skulle hatt småfolk sjølv Nei slikt er eg ferdig med, så eg får strikka til andre sine små. Den grøne er strikka i dale baby ull og den lilla er strikka i lanett. Har berre bytt om fargane, slik at dei vart ulike men likevel høyrde saman.
I morgon skal eg nyte fridagen med sol, varme og grilling på altanen. Og så må alle som skal feira 1 mai ha ein fin dag.