Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
onsdag 29. februar 2012
Miss Korrigan i madelinetosh pashmina.
Nok ein gong har eg strikka denne vesten. Likar kjempe godt dette mønsteret, enkelt men likevel litt spesielt. Denne vesten har lagt ferdig ei stund, men så var det dette med blogging då ja ja no er den no her.
Mønster: Miss Korrigan
Garn: Madelinetosh pashmina.
Pinnar: 3.5 mm.
Storleik: 12 år.
Truleg så vert denne ei julegåve, når den tid kjem.
Av restane så var det ei lita Gros djevelhue. Fyrst strikka eg den minste storleiken, men den vart alt for stor. Rekte opp att og strikka ein ny med 2 masker mindre mellom kvar felling/auking. Men kva storleik det vart på den veit eg ikkje sikkert, har ingen å prøva den på. Men eg tippar 6-12 mnd ein plass der.
tirsdag 28. februar 2012
Selbuvottar ein, to , tre……
Her har eg strikka vottar med tre forskjellige garn. Same storleiken, men forskjellig garn. Så slik har eg fått tre forskjellige storleikar av ein storleik Frå venstre Østlandsgarn (mørke raud), Heilo (kvit) og Pt5 Sport (litt lysare raud).Dei kvite er stikka i det garnet som står i mønsteret og har nok storleiken som oppskrifta har.
Øslandsgarn frå Nille.
3 og 3.5 mm.
Passar nok ein 4 –5 åring.
Heilo
2.5 og 3 mm.
Passar nok ein 2 – 4 åring, slik det står i oppskrifta.
Pt5 Sport
2.5 og 3 mm.
Passar nok ein 1 – 3 åring.
Ein fin bukett med vottar. Det vert nok fleire slike småvottar, sidan eg skal bruka opp litt av restegarnet og enkle garn nøster som eg har liggande.
Desse vottane kan no vere ei fin lita velkomen til verden gåve.
mandag 27. februar 2012
Fjellsportfestivalen 2012.
Lite strikking den veka som gjekk, sidan det var vinterferie. Og fleire av dagane vart tilbringa på ski. Desse bildene er frå laurdagen då det var Kinesiskutfor for juniorar og seniorar. Dei vaksne brukte 2 –2.5 timar opp og berre nokre få minutt ned att.
Starten gjekk frå den toppen midt i bildet, på bildet til høgre… Ungane starta og midt i bildet men rett framfor den stripa med tre.
Her kjem elste guten i mål. Flinke store guten min.
Minste guten var ikkje gammal nok til å delta, så han var ein liten tilskodar. Men me koste oss i målområdet med grilling og kinamat. På Kinesiskutfor treng ein og kinesisk mat
I helga hadde me og besøk av denne karen med familie. Dei koste seg i lag desse to hundane. Sjølv om me var litt skeptiske til korleis det kunne gå. Men alt gjekk fint.
søndag 19. februar 2012
Oppdatert Bui til Linda
Skal tru om du finn noko av interesse?
fredag 17. februar 2012
Då har eg oppretta meg ein salgsblogg.
Litt skummlet dette her, men det går seg vel til.
Eg strikkar ein del og sidan ikkje alt forsvinn ut av huset, men vert liggande i kassar på syrommet, så må eg heller prøve å selge noko av dette.
Ta ein tur innom salgsbloggen min Bui til Linda der kjem det til å kome litt av kvart fram over.
Velkomen innom!
søndag 12. februar 2012
Vottar til Hallvard
Vetle guten trong nye vottar, så då var det berre å strikke. Dette att han trong nye vottar, oppdaga eg då eg og han var til Bergen på tirsdag. Kjøpte garn gjorde me og. Sjølv om eg nok hadde hatt noko heime og Fargane tok han ut sjølv. I butikken gjekk han rett bort til lanetten, og ville velge farge der. Men mor var streng og sa at han fekk velge frå hylla med pt2 garn.
I oppskrifta til til desse vottane er det brukt pt5 sport. Eit garn eg eigentleg ikkje var nøgd med, til vottar. I mine auge skal selbuvottar, tova seg i bruk. Slik at dei vert skikkeleg gode og varme. Pt5 gjer ikkje dette, og etter at Hallvard hadde brukt dei ute i snøen, såg det ut som at eg hadde børsta dei. For det såg ut til at dei hadde fått pels. Jaja om ikkje eg var nøgd med garnet, så likte no iallefall Hallvard vottane. Og då eg skulle strikka nye, så måtte dei vere like dei gamle, berre ein annan farge.
Mønster: Pt hefte med berre vottar, luer og sokkar.
Garn: Pt2.
Storleik: 10 – 14 år.
Pinnar: 3 og 3.5 mm.
Sidan det er morsdag i dag, og mannen skulle reise tidleg på jobb, så feirde me i går kveld. Mannen diska opp med jegergryte og ovnsbaktepoter til kvelds. Og kake til kaffien. Mmmm kjempe godt. Tusen takk mannen min!
Ha ein fin dag alle mødre!!!!
torsdag 9. februar 2012
Hei mamma!
Kjempe glad i deg, mamma!
mandag 6. februar 2012
Jaffrey lue!
Skikkeleg stilig herre lue. Den har ein dame variant og, kanskje eg skal strikke den og. Uansett så vert det fleire av denne sorten.
Mønster: Jaffrey kan kjøpast hjå strikkinnom.no
Garn: Hverdags DSA.
Pinner: 3.5 mm.
Litt vinterstemningsbilder for dei som ikkje har snø. Slik ser da ut for oss som har meir enn nok
Slik ser vindaugene ut når snøen dett av taket. Snø langt opp på glasa.
I morgon tidleg tek eg og Hallvard båten til Bergen…..håpar på lite vind.