Lite strikking den veka som gjekk, sidan det var vinterferie. Og fleire av dagane vart tilbringa på ski. Desse bildene er frå laurdagen då det var Kinesiskutfor for juniorar og seniorar. Dei vaksne brukte 2 –2.5 timar opp og berre nokre få minutt ned att.
Starten gjekk frå den toppen midt i bildet, på bildet til høgre… Ungane starta og midt i bildet men rett framfor den stripa med tre.
Her kjem elste guten i mål. Flinke store guten min.
Minste guten var ikkje gammal nok til å delta, så han var ein liten tilskodar. Men me koste oss i målområdet med grilling og kinamat. På Kinesiskutfor treng ein og kinesisk mat
I helga hadde me og besøk av denne karen med familie. Dei koste seg i lag desse to hundane. Sjølv om me var litt skeptiske til korleis det kunne gå. Men alt gjekk fint.
Høres ut som du har hatt det hyggelig på vinterferie:) Søte hunden da!
SvarSlettJa me hadde ein fin ferie. Nokre dagar med sol, nokre med snø og regn.
SlettSå morsomt det høres ut med kinesisk utfor! Det har jeg aldri vært borti før.
SvarSlettFint vær og folkefest. Kjempegøy med sønnen som deltaker, og noen må også se på. Ha ei fortsatt fin uke!
Kinesisk utfor er når alle startar på likt og fyrstemann i mål vinner.
SvarSlett