Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
lørdag 3. november 2012
Driftwood til meg sjølv
Mønste: driftwood
Pinner: 3.5 mm
Garn: cascade herritage
Storleik: passar til meg
mandag 22. oktober 2012
Vottar til ei på 9...
Mønster: pt design nr82
Garn: pt5 sport
Pinnar: 3 og 3.5 mm
Storleik: 10-12 år
fredag 12. oktober 2012
Tylderingen badar i snø og sol.
tirsdag 9. oktober 2012
Hjertevottar
Til sist eit lite bilde av dagens tur i sol.
lørdag 6. oktober 2012
Kjørepose til ein februarbaby:)
Kjøreposen er strikka i Lima frå lageret. Garnet skulle eigentleg vorte tunika til meg, men no er det vorte både ein vest og ein kjørepose av det. Godt nytta.... Eg hadde sikkert ikkje bruk for den tunikaen:) men da kjem vel sikkert nye fristelsar.
fredag 28. september 2012
Togga det stora målet dette året......
søndag 23. september 2012
Nøstebarnjakke med fletter
Mamma her kjem ei lita oppdatering….sidan du tykjer det vert lenge mellom kva gong……
Her har eg strikka ei jakke frå nøstebarnboka. Jakka er strikka i minste storleiken og eg har brukt silkemerino, så det er ikkje noko rusk. Denne jakka er tiltenkt ein liten gut som kjem i februar ein gong. Håpar mottakeren vert nøgd
Fine knappar med ekorn, kjem frå lageret. Hadde akuratt nok, som regel pleier det å vere ein forlite…men denne gongen var det nok.
Tilslutt eit lite bilete frå turen eg hadde sist veke. Då eg var med nokre strikkedamer frå arbeid på tur. Dette er i frå saltgruvene.
lørdag 22. september 2012
Hausttur til Tylderingen
Og mamma her e ei lita oppdatering.
onsdag 5. september 2012
Tjukkelabbar er godt å ha
No dei siste dagane har veret vore veldig skiftandes. Sol regn og vind om kvarandre. I gårkveld trur eg mini isak var her:) i dag har eg ikkje vore utom ei dør, men lyte ut snart på arbeid:) dagen har eg berre sopa vekk i ingenting, litt godt da og.
fredag 31. august 2012
Storehogen og Hesteggi
søndag 26. august 2012
Tur i regnver....stolt over meg sjølv.
På mandag hadde eg med meg vetla syst på tur. Då var me på Molden 1116 moh. Ein flott tur.
mandag 13. august 2012
Vogn/baby teppe.
onsdag 8. august 2012
Stigstuv ….21 år sidan sommar jobb….
For 21 år sidan hadde eg sommarjobb på denne turisthytta på Hardangervidda. To flotte somrar hadde eg der. No 21 år etter så har eg, Johannes og pappa hatt oss ein tur til Stigstuv att. Eg har vore der i fleire gongar på desse åra
Det var fyrste gong at me har måtta gått så mange omvegar på grunn av mykje vatn i stien. Me er vorte flinke til å balansere på steinar…
Heldigvis så var det mykje tørrare i stien då me gjekk heim att. Eller tilbake til Tinnhølen, der bilen stod.
Eg kom til Tinnhølen mandagskveld og la meg i bilen der, til pappa og Johannes kom opp neste morgon. Var ikkje mykje søvn den natta, for eg låg og høyrde på regnet. Det regna godt heile natta…og dette skulle me gå i neste dag….åååå nei. Det hadde eg ikkje lyst til, men neste dag var veret mykje betre. Til tider hadde me og sol. Så turen vart veldig bra. Og gamle kjenningar treffte me og…. Dette skal me gjenta til neste sommar… Nokon som vil vere med???