No sit eg her og høyrer på Herborg Kråkevik på wimp. Masse fin musikk der. Bakt endå eit slag med julekaker er og gjort tidleg i dag. Så då er eg oppe i 2 slag…. Måtte berre blogge denne hua før eg skal rydda og vaska litt før eg reiser på seinvakt.
Denne hua vert nok ei julegåve til ein frå Litauen. Kona hans får og ei hue
Mønster: Frå eit regia hefte. Hugsar ikkje nr.
Garn: Regia Highland tweed.
Pinner: 3.5 mm.
Ikkje så godt å sjå mønsteret, men fint var det og enkelt å strikke. Toppen på hua vart ikkje slik som det stod i mønsteret for det skjøna eg ikkje heilt. Var på svensk nemleg…. Strikkar eg den ein gong til så skal eg nok få toppen rett og…. Fargen er mest rett på dei mørkaste bildene.
Ha ein fin ettermiddag!