Litt bilder frå hagen på ein sændag i mai (i går). Mannen i huset gjere ferdig taket på garasjen. Eg og minste guten har rydda i hagen, og der fann me nokre blomstrar som er byrja spire og blomstre. Påskeliljene er ca.3 cm høge og blomstrar. Det har vore slike potteliljer som ein kjøper til påske. I år så blomstrar dei nesten før dei kjem opp.
Etter at mannen i huset reiste på jobb, jentungen på fotballkamp og elsteguten var hjå onkelen sin, så fann eg og minste guten is. Så her sit eg ute og kosar meg med is og strikketøyet. Eit godt og varmt teppe har eg over beina. For det var kaldt ute, sjølv om sola skein.
Her er resultatet etter eit par kveldar med strikking. Rose sokkar i storleik 6 – 12 mnd. Strikka i dale baby ull. Ikkje da stora innhogget i garnlgeret men, eg kan no strikke fleire. Dei kan no vere kjekt å ha liggane, når det no i framtida er mange rundt meg som ventar små. Og Åse Elen her er dei. Fine ikkje sant?
Så fine sokker og myntpungen dine er berre kjempefine!! Ynskjer deg ei god langhelg:))
SvarSlett