Her har eg vore på tur med gutungane. Eine turen var med minste gute, då var me fram på Dalavatnet å fiska. Eller rettare sagt han fiska og eg hekla. Så veldig aktiv var han vel kansje ikkje. Ser rimeleg avslappa ut der han sit.
Andre turen den hadde eg med eldste guten. Me gjekk til fjells. Nærmare sagt Halsavatnet og hedlebruddet. Ved hedlebruddet kan ein sjå korleis dei budde om sommaren. Då var dei der heile sommaren og tok ut heller som dei drog ned att til bygda om vinteren. Fytti katta for eit arbeid dei har hatt. Det er litt spennade å sjå korleis dei hadde det.