Jaja so har det vore ferietid. Og me har hatt oss ein tur heim til ho mor og han far. Her køyrer me i land på Utne, 20 min til så er me framme.
Her er utsikta frå altanen hjå mamma, ser nesten heim te bestemor. Himmelen var så rosa og fin. Måtte berre ta bilder av den.
Ein tur på folgefonna vart det og i sola. Slalomskia kan ikkje kvila heile sommaren.
På vegen ned att frå fonna måtte me stoppa å ta bilder, med fonna i bakgrunnen.
Og så var det rett til sjøen for å bada. Her er det Hallvard som kosar seg.
Først på ski og så på bading, same dagen…….jammen er det flott……..
Ha framleis ein flott sommar…..med sol og regn..
Ja, helt utrolig: å kunne bade og stå på ski på samme dag! Her regner det og sola har forlatt oss for denne gang:( Men, da er det gjøremål innendørs som kaller;) Ha ei fin uke!
SvarSlett