Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 13. mars 2009

Herleg med arbeidsfri helg.

No er det endeleg helg, to av ungane er reist til Hardanger. Så eg, minsten og mannen har vore på Dolly med alpingruppa og ete pizza no i kveld. I morgon viss det er bra ver så vert det vel nokre timar i bakken.


Flott utsikt me har frå postkassen. Tenk å ha slike dagar.


Slik er det med snø rundt huset. Vel å merka så er det tak snø, men likevel. Da hopar seg opp mellom huset og vedhuset. Her er det minste guten som kosar seg ute i snøen. Han er nesten ute meir i døgnet enn han er inne. Berre nesten...... Mange gongar er han ute før han skal på skulen og. Jammen godt at det er slik, og ikkje berre sit framfor tv eller datan. Den tid kjem vel tidsnok....:)

Fint bilde av månen....er ikkje store prikken...


God helg allesaman som er inne og les litt her.....

2 kommentarer:

  1. Det så ut som dere koser dere i snøen;) Jeg har dratt til kysten i helga og nyter våren, riktignok med regn. Ha ei kjempefin helg!

    SvarSlett
  2. Her såg det virkelig idyllisk ut. Masse fine ting du hadde strikket. Likte særlig godt de luene med skygge. Hvor fikk du tak i mønster til de? Ha en flott helg.

    SvarSlett