Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
mandag 30. mars 2009
Vinteren er her framleis.
fredag 27. mars 2009
Bird foot og handel
Ha eit flott helg allesaman.....det skal eg.......kansje eg får tid til litt skigåing og denne helga....kven veit, kven veit.....
Pakke til ho mor og tantungen.
onsdag 25. mars 2009
Varm i rumpa og på føtna
Tøfflane er strikka i Viking Naturgarn. Et garn som tovar veldig godt. Litt for godt kansje. Tøfflane vart stive og fine. Men eg anbefalar å strikka litt større enn det du har tenkt, slik at dei forhåpentlegvis passar.
Sitjeunderlaget er strikka i noko Viking garn det og, men veit ikkje kva type.
Ferdige produkt tatt i bruk.........

mandag 23. mars 2009
Fleire lappar
Toving av sitjeunderlag og tøfflar.
onsdag 18. mars 2009
Nye ufoar?
På bildet er det eit sijeunderlag, kariussjal, vinpose, kaunisjal, pulsvanterog, sjerf i alfa og eit i kidsilk. Skal tru kortid alt dette vert ferdig???????
Tenk hadde eg hatt vet til å gjera ein ting ferdig før eg byrjar på noko nytt.........
søndag 15. mars 2009
Godt eg tok på meg skia
lørdag 14. mars 2009
Ute dag i dag
Utruleg kor fint me har hatt det i dag.
Sola skin på sitt finaste og skispora sniglar seg bortover.
Likar meg egentlig best i preparerte løyper.......
fredag 13. mars 2009
Herleg med arbeidsfri helg.
No er det endeleg helg, to av ungane er reist til Hardanger. Så eg, minsten og mannen har vore på Dolly med alpingruppa og ete pizza no i kveld. I morgon viss det er bra ver så vert det vel nokre timar i bakken.
God helg allesaman som er inne og les litt her.....
søndag 8. mars 2009
Vottar til jentungen
Nrk look a like nr 2
fredag 6. mars 2009
Handel igjen
I går kom pakken som eg hadde besstilt på nettet hjå To Damer. Trur ikkje det gjekk meir enn to dagar så hadde eg pakken i posten. Jammen fort å handle for mykje når ein berre sit og trykjer. Det blir litt peng av det, sjølv om det ikkje ser så mykje ut. med på kjøpet fekk eg og to maskemarkørar.
Jentungen lurte på om eg var byrja samla på garn sidan eg er byrja å ha garnet i plastkassar. Eg sorter det alt etter kva det skal brukast til eller garntype. Enkelt å finna fram i rotet mitt då. Men det kan verta ein del kassar av det. Men ein ser no kor eg har kva slags garn uten at eg må leita gjennom alle handleposan (slik eg hadde da før). Det som er på bildet er og berre ein liten del av det eg har samla opp etter ca 20 år i handarbeids brasjen. Eg byrja tidleg..........me er 4 systre og det er berre eg som driv med handarbeid, så eg driv på for dei og. Eine systra var vel nett borti noko korssting men det var vel og alt..........
onsdag 4. mars 2009
Handel og maskemarkørar.

I dag har eg vore på Sybui og handla litt, etter å ha vore sjuk nokre dagar.
Dagens vetle handel har du her. 3 nøster ragg-strømpegarn frå hjertegarn til panneband, 3nøster fritidsgarn til vinpose og 2 nøster topttå til lue.
Nokre perler og streng til å lage maskemarkørar av. Strengen vart for stiv og tjukk, eg fekk den ikkje to gangar gjennom perlene. Men eg fann ein perlepakke som eg hadde frå før og der var det tynnvaier oppi. Den var mykje betre å bruka, så det vart no nokre maskemarkørar.
To av markørane har eg allerede tatt i bruk.

mandag 2. mars 2009
Panneband produksjon
Abonner på:
Innlegg (Atom)