Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 2. august 2013

Flatbrehytta 994 moh.

juli 2013 040

I dag gjekk turen til Flatbrehytta i Fjærland. Eg har gått turar på 3.5 timar på det meste, men då har eg enda heima att. Men denne gongen skulle eg gå så mange timar berre ein veg. Det står 2.5 til 3 timar opp i opptur boka. Eg brukte nesten 4 timar. Ned att brukte eg 2 timar, nett slik som det stod i boka at eg skulle bruka.

Turen startar på 23 moh og endar på 994 moh. Så det seier seg sjølv at det berre er opp over bakkar. Nokre tyngre enn andre. Store delar av turen går inni dalen og i skog. Ein skal ganske høgt opp før ein får litt meir å sjå.

juli 2013 041

Langt der nede ser ein Fjærland.

juli 2013 043

Gjett om eg var glad då eg såg denne hytta. For eg trudde eg skulle endå lenger opp, men tilfeldigvis snudde eg meg til venstre og såg hytta. Trur det er lengesidan eg har vorte så glad for å sjå målet.

juli 2013 047juli 2013 045juli 2013 048

Flott utsikt.

juli 2013 050juli 2013 052

Kjekt med sjølvutløysar på fotoapparatet, når ein er aleina på tur. Denne gongen og utan hunden. Han var nok ikkje blid på meg, då eg tok på meg turkle og ikkje fekk vera med. I dag har han kneka på meg heile dagen, sikkert redd for at eg skal gå nokon stad utan han Smile Men i dag har eg ikkje tenkt meg så lang. Litt små stiv i beina og ei nattevakthelg som startar om ein time.

juli 2013 054juli 2013 055juli 2013 056juli 2013 057juli 2013 061

På veg ned att, ein liten pause for å kvila slitne bein. Ein flott tur som kan gåast fleire gongar. kanskje eg då må ta med meg nokon Smile

tirsdag 23. juli 2013

Projo vottealong 2013 juni og juli.

Då var eg endeleg ajour i vottealongen til projo, det er så seigt å ligge etter. Noko som fort kan skje på denne tida av året då det ikkje vert så mykje strikking som ellers.

P1010629P1010630

Dette er juni vottane, det eine alternativet i allefall. Florisse mittens av Bitta Mikkelborg. Dette er ei dame som lagar mange fine vottar, og som no har laga si eiga sokkebok som kan kjøpast på bokhandelen til hausten. Stå på Bitta. Desse vottane er strikka i Hverdags frå DSA. Gode og mjuke vottar.

P1010636

P1010632P1010633

Her er juli vottane eller pulsvottar. Dette er Ei hand å holde i av Randi Kiester, også ei dame som lagar mange fine mønster. Desse er strikka i cascade finering, som er eit nytt garnmøte for meg. Men det var eit godt møte. Mjuk og god, rein ull.

P1010637P1010638

No er det berre å vente til neste mønster kjem 1 august.

fredag 12. juli 2013

Kajakk tur på Barsnesfjorden.

juli 2013 004juli 2013 007

Endeleg vart det kajaktur på Hallvard. Melde oss på i går kveld hjå Sogndal Lodge, så i dag har me kost oss på sjøen. Dette har Hallvard drøymt om sidan i fjor sommar…

juli 2013 009juli 2013 013juli 2013 018juli 2013 024

Padla inn Barsnesfjorden og gjekk i land på Stora øyni. Der gav me geitene brød. Nokre geiter kunne ikkje få nok, så hadde dei fått tak i posen hadde dei ete den Smile Etter på var det piknik med kjeks med brungeitost, kvit geitost med sognamår og eplejuice frå solvorn.

juli 2013 025juli 2013 026juli 2013 028juli 2013 029

Så var det berre å koma seg i kajakken att og padle tilbake til Sogndal.

juli 2013 030juli 2013 032juli 2013 034juli 2013 035

Me hadde ein fin tur med guiden Tom frå Sogndal Lodge, dette er ein tur som kan anbefalast. Meld deko på!

juli 2013 041

søndag 30. juni 2013

Annes blomst.

Byllup kristin og vegar 2013 157Byllup kristin og vegar 2013 158

Her går det vist i vottastrikking midt på sommaren. Det går litt tregare enn på vinterstid, men no er dei endeleg ferdig med mai vottane. Likevel ligg eg etter i Projo sin vottealong, då eg ikkje har starta på junivottane og det straks er juli med nytt mønster.

Byllup kristin og vegar 2013 155Byllup kristin og vegar 2013 156

Greit å vere med på slike alongar. Ein får litt press på vottestrikkinga, noko som kan resultera i vottar til jul. Og ein strikkar mønster som ein kanskje ikkje hadde kome på ellers.

Mønster: Annes blomst av Wenche Roald.

Garn: Gammelserie frå Rauma.

Pinnar: 2.5 mm.

onsdag 19. juni 2013

Togga 1205 moh. ein liten tur på kvelden.

Togga 2013 078Høgt der oppe ligg målet Togga 1205 moh. Bratt som berre det. Men opp skal eg same kor tung det er…..Har eg bestemt meg så, skal eg opp.

Togga 2013 080Togga 2013 083Fyrste del av turen går inni skogen og det er ikkje så mykje å sjå enn skog. Og nokre sauer som er litt forvetne på kven som kjem kavande opp stien SmileTogga 2013 089Togga 2013 092Men når ein er komen halvegs så er ein over tregrensa, og landskapetet openberar seg. Ein kan sjå toppane i Jotunheimen. Denne bjørka markerar halvegen, sånn ca.Togga 2013 095

Togga 2013 109Det er framleis ein del snå att i fjellet og eg måtte kryssa 2-3 fenner og så gjekk eg rundt nokre.

Togga 2013 113Togga 2013 116Endeleg på toppen etter å ha pusta og pesa meg opp bakkane. Kl.19.30 på kvelden. Godt det er “lyst heile natta” Smile  I fjor haus då eg var oppe såg eg ingenting, då det var snøver og skodde. Denne gongen såg eg alt, laugadalen frudalen, anestølsvatnet og sikkert mykje meir som eg ikkje veit kva heiter. Iallefall for ein utsikt. Bør opplevast.

Togga 2013 118Togga 2013 119

Frudalstunnelen til venste og Anestølsvatnet til høgre.

Togga 2013 121Togga 2013 128Togga 2013 131Togga 2013 132Togga 2013 133Togga 2013 136

Me er jammen heldige som har ein slik natur å gå i her i Noreg. Men denne turen i dag hadde nok ikkje vore gått hadde det ikkje vore for compeed og sportstape. Sidan eg fekk gnagsår på søndag. Gnagsåret er vorte litt større, men kva gjer vel det……eg kom meg på toppen.