No er eg oppi 3 par med Bittas Mittens. Så no vert det nok ein liten pause på desse vottane. Eg har strikka 2 par som er heilt etter mønsteret, men så har eg og strikka eit som har litt andre fletter. Er sjølv ganske fornøgd med desse vottane. Får sjå om eg strikkar fleire ein gong seinare.
Mønster: Bittar Mittens.
Garn: Lima frå Drops.
Pinner: 4 mm.
Desse vottane over, har fått eit litt anna mønster oppå handa. Resten av oppskrifta er Bittas Mittens. Kjekt å prøve litt andre fletter.
Her ser ein at dei ikkje er heilt like.
Til slutt eit par i ein annan farge.
I dag regnar det noko forferdeleg. Så eg kosar meg inne. Fingrane har det fint, men det går litt tregare med vetlefingen. Der er såret ganske opent endå. No klarar eg meg med litt mindre plastelappar, som gjer det litt enklare å strikke
Ha ein fin søndags ettermiddag. Klem