

Vetle guten trong nye vottar, så då var det berre å strikke. Dette att han trong nye vottar, oppdaga eg då eg og han var til Bergen på tirsdag. Kjøpte garn gjorde me og. Sjølv om eg nok hadde hatt noko heime og
Fargane tok han ut sjølv. I butikken gjekk han rett bort til lanetten, og ville velge farge der. Men mor var streng og sa at han fekk velge frå hylla med pt2 garn.
I oppskrifta til til desse vottane er det brukt pt5 sport. Eit garn eg eigentleg ikkje var nøgd med, til vottar. I mine auge skal selbuvottar, tova seg i bruk. Slik at dei vert skikkeleg gode og varme. Pt5 gjer ikkje dette, og etter at Hallvard hadde brukt dei ute i snøen, såg det ut som at eg hadde børsta dei. For det såg ut til at dei hadde fått pels. Jaja om ikkje eg var nøgd med garnet, så likte no iallefall Hallvard vottane. Og då eg skulle strikka nye, så måtte dei vere like dei gamle, berre ein annan farge.
Mønster: Pt hefte med berre vottar, luer og sokkar.
Garn: Pt2.
Storleik: 10 – 14 år.
Pinnar: 3 og 3.5 mm.


Sidan det er morsdag i dag, og mannen skulle reise tidleg på jobb, så feirde me i går kveld. Mannen diska opp med jegergryte og ovnsbaktepoter til kvelds. Og kake til kaffien. Mmmm kjempe godt. Tusen takk mannen min!
Ha ein fin dag alle mødre!!!!