Då var kragejakka ferdig strikka, vaska, tørka og blogga. Fekk brukt den nye vaskemaskina mi sitt håndvaskprogram og det fungerte heilt fint. Denne jakka har vore med meg litt rundt om kring i sommar, sidan det er berre enkel glattstrikk. Tankelaust strikk….som er kjekt å ha mellom strikketøy som treng tenking.
Mønster: Kragejakka frå Nøstebarn
Garn: New Zeeland lammeull.
Pinner: 3,5 mm og 4,5 mm.
Storleik: Passar meg heilt fint.
Ein sommardag i august, sit tantungen og funderer på livet eller noko i den dur. Siste dagen det var sol, for no er regnet kome att….som eigentleg passar meg fint sidan eg skal ha nattevaktshelg….egoist som eg er
Ha ei fin helg alle saman som er innom…..
