Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 15. april 2011

Strikkepinnemappe.

IMG_8739

No har eg sydd ei strikkepinnemappe til. Denne gongen utan for og litt minde enn den HER. Denne skal rullast saman og ha knyteband rundt. Eg hadde ikkje det heime, så eg får innom sy og strikkebui ein dag. Denne strikkepinnemappa tek ikkje så stor plass som den fyrste eg sydde. Det er plass til 10 strikkepinnar i storleik 2 – 6,5 mm.

IMG_8740

Håpar denne fell i smak Helga. Viss ikkje så syr eg ei nySmilefjes

No er det nattevaktshelg, som vanleg i påska…….

Ja då var vinnarane trekkte

Dei heldige vinnarane vart Mary Ann hennar blogg kom eg ikkje innpå.

                                           Marion med denne bloggen.

Send meg adressene dekans på mail til linda.kollsete@hotmail.com så kjem det eit garnnøste til kvar av deko i posten.

Mary Ann får dette IMG_8737eit nøste Kauni.

Marion får dette IMG_8735schoppel wolle Lace Ball.

Tusen takk til alle som var med på give awayen min denne gongen.

 

torsdag 14. april 2011

Yummy Mummy Wristwarmers

IMG_8723 No har eg strikka ferdig ein liten UFO. Endå har eg fleire att. Merkeleg nok. Ein kan ikkje gjera ein ting ferdig utan å berja på noko nytt att. Kanskje eg burde laga meg ein regel der eg gjorde ferdig to ting, før eg byrja på noko nytt…

Mønster: Norsk oversettelse HER

Garn: Alpaca Silk frå Drops

Pinner: 2,5 mm.

Storleik: Liten dame.

Fyrste eg strikka var i mini alpaka til sandnes, men hadde berre nok til ein pulsvarmar. Og den er litt større enn desse som er strikka i alpaca silk frå drops. Dette garnet er mykje tynnare, og da oppdaga eg etter at eg hadde begynt. Jaja små hender treng varme dei og. Før strikke dei i litt tjukkare garn neste gong.

IMG_8725

onsdag 13. april 2011

Dukkekle

IMG_8726IMG_8727IMG_8728

No har eg strikka litt dukkekle. Tante spurt om eg ikkje kunne strikka litt kle til dukka som ho skal gje vekk i bursdagsgåve til sommaren. Klart eg kunne gjera det. Raskt småstrikk. Skal nok strikka litt fleire kle, må jo ha ein liten garderobe. Dukka her tilhøyrer jentungen, eg måtte opp på loftet og hente den. Måtte jo ha ein modell.

Kjolen.

Mønster: 0909 sandnes garn

Garn: Duo.

Pinner: 3,5 og 4 mm.

 

IMG_8730IMG_8731IMG_8733

Buksedress og vest.

Mønster: 0909 sandnes garn

Garn: sisu.

Pinner: 2.5 og 3 mm.

I dag har det vore sol og fint store delar av dagen. Vore ute og fått litt fleire fregnerSmilefjes

tirsdag 12. april 2011

Nøstebarn kjole

IMG_8712

Har strikka ein liten nøstebarn kjole. Masse fint og enkelt i nøstebarnboka. Einastesom er dumt at eg ikkje har nokon å gje det til, så det vert liggande i gåvekassen. det er jo kjekt å ha liggande i tilfelle det kjem ei lita jente.

Mønster: Selekjole i 2-trådsgarn.

Garn: New Zeland lammeull.

Pinner: 2,5 og 3 mm.

Storleik: 1-2 år. 

IMG_8716IMG_8710IMG_8718

 

IMG_8719

Slik ser det ut her i dag. Masse snø att endå. Så eg er ikkje redd for ei grøn påske Smilefjes

IMG_8714

Måtte berre heilt på tampen ta med desse fine påskeliljene, som står inne endå.

lørdag 9. april 2011

Mappe til dei lange strikkepinnane.

IMG_8704IMG_8705

Har sydd ei mappe til 20 cm strikkepinnane mine. Manglar ein del HV pinner i samlinga kan de sjå. Men har dei eg brukar mest. Har 15 cm i dei minste storleikane og. Likte dette stoffet kjempe godt, så eg trur eg kjem til å laga ei strikketøyveske i same stoffet. Så har eg eit fint sett.

 

IMG_8707IMG_8706

Denne er fora, noko den ikkje burde vore for den vart litt tjukk. Så neste gong skal eg laga ei mindre som eg berre skal rulle saman.

Hugs give awayen min som du finn HER

fredag 8. april 2011

Ørn på himmelen

IMG_8667

Måtte ut å ta bilder då eg såg desse to på himmelen. Dei leika seg i vinden. Sigla fint rundt. Ikkje kvar dag ein slike på himmelen her. Men eg såg ei i fjor sommar og så dei kjem no sikkert til å hekka her ein stad. Kvar det no måtte vera.

IMG_8670

Flotte fuglar. No skulle ein hatt ei linsa som kunne soma endå meir. Men, men det har eg ikkje Trist fjes 

onsdag 6. april 2011

Endå fleire strikkevesker..

IMG_8660

Har visst sydd litt til eg. Kjekt når ein får det til og stoffet “fengar”.  Eit penalhus og 2 strikkevesker. No trur eg at eg har funne den storleiken som passar best. Måla er nedteikna for seinare høve. Kjekt å ha liggande i tilfelle spesielle anledningarSmilefjes

IMG_8658IMG_8659

Dett penalhuset var ferdig quilta, men mangla glidlås og samansying.

IMG_8661IMG_8662

Denne turkise strikketøyveska er lik den jentungen fekk, berre større.

IMG_8665IMG_8664

Denne sydde eg i kveld, og tek truleg turen over dammen. Som ei overrsking Smilefjes

Hugs give awayen min i innlegget under, bli med!

tirsdag 5. april 2011

Give away….

No nærmar da seg 20 000 snart. Og som takk for alle besøka og koslege kommentarar så vil eg gje vekk ei lita gåve. Gåva kan verte kva som helst, men eg trur det vert noko fint garn.

mobil mars 11 032

Reglane er som tidlegare:

1 lodd: kommentar i dette innlegget.

2 lodd: legg deg til som følgar.

3 lodd: dersom du linkar til meg i bloggen din.

Trekkning vert den 15 april. Bli med då vel!

Ei lita ugle til nøklane…

Eg har sydd ei lita ugle, etter at eg vart innspirert av Bentes hobbyrom. Eg henta fram stoff og tilbehør, jammen godt kva ein har i skuffer og skap. Eg syr ikkje ofte, likevel har eg litt av kvart. Som då kjem til nytte.

IMG_8654IMG_8656

Ei søt lita ugle til å passe på nøklane måtte eg berre sy. Litt putle og pirkete var det, men det vart no eit ok resultat. Litt vanskeleg å få bakstykket og framstykket heilt like. Men, men øving gjer meister Smilefjes Trur iallefall at eg må prøve meg på fleire slike.

IMG_8655IMG_8657

Må berre ta med to bilde av Tassen sist veke då det var SOL.

IMG_8648IMG_8652