I projo sin votte og sokke along så var det ugler som var tema i oktober. Eg valgte Horatio and oren, då eg hadde sett på desse før. Dei sto vel eigentleg på strikkelista… og den er lang Desse er strikka i cascade 220. Passar mi vetle hand heilt perfekt.
Nokon ymta frampå om at dei vottane dei fekk i fjord var for små. Kva anna kan ein gjera då, enn å strikka nye og større. Desse er Puddelvottane til Jorid Linvik. Strikka i pt2 og finull.
Dette året har eg slete med plantar facit og har vondt under beina, slik at det har vorte veldig lite fjellturar på meg. Alle dei turarane eg hadde tenkt å gå i sommar dei gjekk rett i vasken. Endå så er eg ikkje god i beina, men eg klarar å gå nokre korte turar. Går eg litt for langt så verker eg i føtna etter på. Trass smerter så har eg hatt meg ein liten tur på Kollsetevatnet for å kjenne på snøen Gledar meg til eg kan ta skia i bruk.
Sidan det vert lite turgåing så vert det ein del strikketid. Her er soria moria votten frå mysterie strikkinga tidlegare i haust. Mønsteret finn ein i “votter fra eventyrskogen”. Desse er strikka i pt2.
Bella vottar for endte gong. Veit ikkje kor mange det er vorte. Desse er strikka i drops nepal. Godt garn å strikke med.
Månelyst ein kveld eg var på tur. Her eg bur er det ingen gatelys, så her er det hovudlykt så må til skal ein gå om ettermiddagen.