Stedje kyrkje 10 mai vart Johannes elste guten konfirmert. Ein stor dag prega av alvor og mykje merksemd, noko Johannes ikkje tykjer så mykje om.
Her er alle 3 ungane mine samla, lika flotte alle 3. Og her er heile familien.
Mykje god mat. Heima laga koldtbord. Og me klarte å trykka 29 personar inn i stova. Det var trongt, men heldigvis kom sola og me kunne vere ute og.
Bilder er eit must i slike anledningar. Familie bilder og gruppe bilder. Me klarte å samla heile gjengen på eit bilde om ikkje alle ser på fotografen, så er dei der i allefall.
Etter obligatorisk fotografering og pause etter maten, så var det berre å hiva i seg kakene. Mykje godt. Tusen takk te dei som baka til meg.
Då var dei konfirmert desse to søskenbarna. Flotte konfirmantar begge to, Johannes og Stine.