Eg har vore fleire turar på Høgehaug i vinter. Ein fin tur på turski.
Denna karen har vore med meg på ski nokre gongar. Denne gong frå grilling på Brita bu, langfredag. Veret var heilt herleg i påsken.
Andre påskedag var det på med randoneeskia. Så va det berre å ta fart på bakkane.
Etter mykje slit så enda me på toppen av Blåfjell. Tungt opp, men ein leik ned att.
Ein leik for nokon, ikkje alle☺️ Eg likar det ikkje heilt.
Siste turen på Høgehaug denne sesongen.
Så for turen til hardanger for konfirmasjon, men me klarte å få ein tur på Folgefonna dagen før😃
Eg tok nok ein gong på meg randoneeskia, og labba opp på toppen av Folgefonna 1644 moh. Og der kunne ein sjå Hårteigen, som ligg innpå Hardangervidda. Eg har Hårteigen til høgre for hovudet mitt.
Mannen og gutungane holdt seg i bakken.
Søndagen kom og det var berre å koma seg i finstasen. Sognebunad i Hardanger.