Sidan eg ikkje hadde gått nok på fredagen, så tok eg ein tur på søndagen og. Då gjekk starten frå Reisæter og opp lie til Eggje. Målet ligg heilt på toppen til høgre i bildet, mellom grantrea.
Langt og bratt er det som beskriv denne stien/turen.
Stien vert restaurert av sherparar. Så det var reine motorveien å gå på der dei hadde lagt stein. Ikkje vanskeleg å gå feil her. Mamma og tanteungen Elin Karin vart og med på tur. Dei snudde etter å ha gått halve turen.
Ein fin tur om ein ikkje går heilt på toppen og. Flott utsikt.
Her er eg komen opp på nederste kvilingehaug. noko som seier at ein kan kvila litt
Sherparane har gjort eit flott arbeid med stien. Den delen som er ferdig.
Med litt soom på kameraet så kan ein sjå heilt ned att til Reisæter. Då eg var komt nesten opp såg eg dette merket på ein stein, pilgrimsmerket. Trur dette er ein del av pilgrimstien mellom Røldal og Bergen.
Fint med sjølvutløysar på kameraet når ein er på tur aleina. Toppen er nådd og ein har flott utsikt over Sørfjorden.
Her ser ein Revavatnet. Mange år sidan eg såg det sist, sikkert over 30 år. Då gjekk eg opp her med pappa, trur eg var 7 år. Men me fortsette over fjellet og ned til Bottsvatnet i Krossdalen på Jondalsida.
Det er vorte ettermiddag og eg er på veg ned att. Dette er den slakkaste delen av turen, nederste kvilingehaug.
Sola gjekk ned i lag med meg