Inni mellom sjal og anna storstrikk eg har hatt i sommar så har eg strikka to par med babysokkar. Kjekt med noko som vert litt fortare ferdig. Og så er det så kjekt å gje vekk til små babyføter…
Mønster: eit rauma baby hefte nr ?
Garn: Bambino babyull frå lageret.
Pinner: 2.5 mm.
Storleik: 6 – 12 mn.
Blomstringa byrjar avta noko no, men på rosene så er det mange knoppar. Litt varme og sol så blomstrar dei nok. Liljene mine dei er eg stolte av. Dei er så store og fine, og kjem att år etter år.
Tilslutt eit lite bilde av dammen. Berre litt så ferdigstilling så er den heilt ferdig. Vart passleg stor og djup. Godt fornøgd er eg , når eg sit ute og ser på fiskane