Har strikka ein liten hals. Var på jobb på butikken i går og då vert det ofte med heim litt garn. I går vart det då med heim eit nøste Puno og mønster til denne halsen. Strengt tatt, mønster hadde eg ikkje hatt bruk for.Rask liten sak å strikke var det. På bildet så ser det ut som eg har brukt raudt garn, men det stemmer ikkje. Fargen er mørk rosa mot litt burgunder. Denne tenkte eg at mamma skulle få til dagen sin, som var 20 februar. Pluss litt anna som ho ikkje treng vita om, før ho får det.
Mønster: pt design nr: 102
Garn: Puno
Pinner: 10 mm.