Om meg
- Linda
- Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
- Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.
torsdag 30. desember 2010
Min variant av babyselbuvott.
I dag har eg kost meg med å prøve å lage mitt eige babyvotte mønster. Har teikna eit med heile blad og eit med opne blad. må sei meg ganske fornøgd. Har strikka ein, og så får kvelden vise om eg får strikka ein til.
Her ser de kjøkenbordet, papir , permar og data ut over…..kanskje eg lyt rydde før mannen kjem heim
Garn: Dale babyull
Pinner: 2,5 mm
Legg opp 40 masker og strikk 1 rett og 1 vrang, ca 6-8 cm. Strikk så ein pinne rett der du aukar 4 masker jamnt fordelt. Så startar du på mønsteret.
Viss nokon skulle finne på å strikke vottane så hadde det vore fint om de linkar tilbake til meg.
mandag 27. desember 2010
Selbuvotter
Selbuvotter igjen. Eg likar ikkje strikke sokkar for eg må ha to like, men selbuvottar er kjekt å strikke Eg må jo ha to like her og….så kva er då eigentleg problemet med å strikke to like sokkar? Ikkje veit eg.
Mønster: Gratis på nettet Her
Garn: Østlandsgarn
Pinner: 3 og 3,5 mm
Storleik: Dame
søndag 26. desember 2010
Julaftatradisjon.
Dompappane kosar i bjørka nedanfor huset, medan dei et solsikkefrø som dei hentar utnafor kjøkenglaset. Flott fuglar.
For ein herleg dag det var på julafta. Og i tradisjonenstru så vart det sett ut graut til nissen, vetlejulafta. Og på julafta må ein sjå om nissen har vore der og ete opp grauten.
Her er dei på veg ned i fjøsen til naboen for å sjå om nissen er der eller har vore der.
Jammen låg ikkje nissen der i år og, som så mange gonger tidlegare.
Ein god klem må og nissen ha.
Julafta feirde mannen og gutungane med svigers, medan eg var på jobb. Kjekkast dei fekk var desse varseldressane. Godt å ha når dei er ute om kveldane.
Her prøver svoger og minsteguten klokka som heng på fjøsen. Den høyrdes ut som ei kyrkjeklokke.
Her var eit lite innblikk i julafta her hjå oss.
Ha ei god romjul.
lørdag 25. desember 2010
Tunika
No kan eg endeleg visa tunikaen eg har strikka i all hemmelegheit. For dette skulle verte ei gåve til jentungen. Her ligg den til tørk, medan jentungen var på skulen. Strikkinga har eg gjort på nattevakt eller etter at ho har lagt seg. Det gjekk det og, sjølv om eg har hatt eit par episodar der ho har kome ned trappa og i rein refleks har strikketøyet gått rett under bordet
Mønster: Sandnes hefte nr?
Garn: Sandnes alpakka.
Pinnar: 3 og 3.5 mm
Her er det jobb att i morgon ettermiddag. Dette året har det vore mykje jobbing i jula.
Ha framleis ei fredfylt jul.
fredag 24. desember 2010
God Jul i stova.
No har endeleg juleroa senka seg i heimen. Nissen har fått graut….. og eg har pynta meg til eg skal på arbeid kl.15 Slik er det når ein jobbar i helsevesenet……
Så her sit eg og vil ynskja alle ei retteleg god jul.
Ein god klem i kulden frå meg
onsdag 8. desember 2010
Julakuler….
Jammen vart det ikkje nokre julekuler på meg og. Sjølv om eg hadde tenkt at detta skulle ikkje eg bruka tid på. Men så kom boka i posten, for den hadde eg jo gløymt å avbestilla. Etter å ha bladd i den vart det henta pt2 og finull frå lageret. Så no har eg strikka 5 stykk. Og kanskje vert det fleire…….dei e no litt fine.
Har og henta fram litt julapynt. I fjord var eg på julemessa på Vinje, for å sjå trolla og nissane til Trollkåno. Mykje fint lagar ho, så det vart med ein del heim att. Noko vart julepresangar og andre ting vart buande her i huset. Kjekt å ta dei fram atte, for jammen kor fine dei er.
No har jula kome inn i huset.
Kos dykk i denne fine adventstida.
fredag 3. desember 2010
Blånisseforeldre skal flytte til barna i jula.
Desse nisseforeldra skal flytte til borna sine på julafta. Her er det ikkje snakk om at foreldra kjem fyrst, neidå her kjem ungane fyrst og så foreldra. Så til jul vert alle samla. så då har eg strikka nisse familiar til heile familien min utan om vetle systra, ho har vel berre fått ei lita jente. Men, men resten kjem etter kvart.
Etter å ha stått og sett på meg medan eg arbeider på syrommet mitt så er det på tide å pakke dei inn. Blogga er dei og, så då er alt i orden.
Ha ei fin helg alle som kikkar innom.
torsdag 2. desember 2010
Eit par vottar …….i kjølden….
Har strikka eit par vottar i denne kuleden som herjar utan for døra grade stokken svingar for det meste mellom 18 og 20 minus grader. Og lite kan ein gjere med det, så for tida held ein seg inne og held fyringsvakt. jaja so gale er det no ikkje for me har no varmepumpe som gjer at det ikkje vert alt for kaldt inne.
Siste veka har det gått i sjukdom her i huset. Til og med mannen har holdt seg på sofan i 3 heile dagar. Noko som er svært sjeldan at skjer. No er det yngste guten som hostarm hostar og hostar, vondt i hovudet og feber. Sjølv går eg her og svelger og svelger på ein klump i halsen, skal tru om det vert halsbetennelse av det,….noko tida vil vise.
Mønster: pt nr: 82 trur eg
Pinner: 3mm
Garn: pt 5 sport.
Storleik: dame
Ha ei fin helg allesaman.
tirsdag 23. november 2010
Lite tid til blogging, men litt strikk likevel…
Fruen i huset har strikka ei lue frå arne & carlos sitt luehefte. Vart visst ein litt baggy variant dette. Hadde nemleg lest ein plasse at luene var litt trange, så eg strikka litt lausare enn normalt og brukte litt tjukkare pinnar for eg hadde ikkje den storleiken som stod i mønsteret. Og resultatet vart ei litt stor lue. Men, men ein kan ikkje vere like alle……
Har og strikka eit sjal. Må ha noko enkelt til tv sjåing eller vente strikking. Så då vart det eit sjal med havskum mønster.
Mønster: Min eigen variant av Multnomah.
Garn: Mini Palett frå Sandnes.
Pinnar: 3.5 mm.
tirsdag 9. november 2010
Ein tur Florø
Tidleg tirsdagmorgon, ja ja tidleg og tidleg halv 9 så køyrte eg heiman frå. På Selseng såg det slik ut så tidleg.
Målet mitt for ture var denne dama her. Ei kjekk dame eg har møtt her inne i bloggverden.
Etter ein liten tur på den lokale strikkebutikken, så var det dette som møtte oss då me køyrde opp att til leilegheita hennar. Parkerte bilen og sprang ned att i vegen for å ta bilde av solnedgangen. Herleg…..
På veg heim att i kveld, så måtte eg berre stoppa å ta bilder.
Utruleg kor flotte fargar det er på himmelen. Slik får me ikkje her i innlandet.
søndag 7. november 2010
Tøflar
Mønster: Navia 51, frå Permin
Garn: Navia Trio
Pinner: 3.5 mm og heklenål 3 mm.
Heilt greit å strikke, men eg synst dei vart litt breie. Men dei er gode og varme.
Her har me hatt ein late søndag. Johannes har laga pitapizza til middag og no held han på med eplekake. Gledar meg til den vert ferdig. Nam nam ha ein fin søndag alle saman.
Blånissevottar.
Ja no nærmar det seg jul med stormskritt. Og i år er blå nissane som gjeld.
Så eg har strikka eit par, kven som skal få dei er ukjent. Ikkje likeenkelt å få dei heilt like. Den eine votten er meir tova enn den andre. Men litt sliting og draing så vert dei tilnærma like……nesten iallefall.
torsdag 28. oktober 2010
Tunika
Tunikaen er endeleg ferdig takka vere Bitta ho var ein engel og bytta garn med meg. Tusen takk Bitta. Så no er den ferdig, skal berre vaskast, tørkast og pakkast og så er den klar til jul. Heldigvis minkar det på julegåvene. No er det berre å håpa at mottakaren likar den.
Mønster: Hjemmet nr. 37/10 (sandnes garn)
Garn: Wollmeise twin
Pinner: 2,5 og 3 mm.
Storleik: 8 år.
mandag 18. oktober 2010
Eit lite besøk på Projo…
I helga var eg og mannen min i 50 årsdag på Moelv. Kjempe morro!
Laurdagsføremiddag så sett me oss i bilen og tok ein tur til Skarnes og Projo. Litt over ein time gjekk det, på vegen fekk me og kjøpt tvintip ski til eldste guten. På projo treffte me ei flott dame, lett å kome i kontakt med. Trur ikkje mannen tykte det var kjedeleg eingong.
Malabrigo Lace to hesper amoroso vart kjøpt. Mest rett farge på bilde til høgre.
Dette hespet har May Lis farga sjølv.
To vottepakkar vart og med heim att.
Og sist men ikkje minst tok eg med meg to malabrigo sokkegarn til endå eit ulmus sjal.
Sjølv om det vart litt garn, så angrar eg litt på at eg ikkje kjøpte nokre nøster til. Men, men nettbutikken er no open heile døgnet, så det vert nok meir.
Ei flott helg heilt uten ungar har det vore. Me treng slik innimellom.