Endeleg vart det kajaktur på Hallvard. Melde oss på i går kveld hjå Sogndal Lodge, så i dag har me kost oss på sjøen. Dette har Hallvard drøymt om sidan i fjor sommar…
Padla inn Barsnesfjorden og gjekk i land på Stora øyni. Der gav me geitene brød. Nokre geiter kunne ikkje få nok, så hadde dei fått tak i posen hadde dei ete den Etter på var det piknik med kjeks med brungeitost, kvit geitost med sognamår og eplejuice frå solvorn.
Så var det berre å koma seg i kajakken att og padle tilbake til Sogndal.
Me hadde ein fin tur med guiden Tom frå Sogndal Lodge, dette er ein tur som kan anbefalast. Meld deko på!