No har eg ikkje så vondt i fingrane lenger, så strikkinga går nesten som ein draum Nokre av dei er framleis litt stive av plaster. og spesielt rett etter plasterskifte.
I går ettermiddag starta eg på denne hua her, som og vart ferdig i løpet av kvelden. Eg kjøpte norsk oversettelse av mønsteret hjå Strikk innom. Sette i gang med stikkinga. Starten gjekk fint 2 rett og 2 vrang var lett, aukinga gjekk og fint, men så butta det litt. Skulle plutseleg ha mange 2 rettsammen og lite kast. Då ville jo det fellast ganske mange masker når eg nett hadde auka ein del. Så her var det berre å finne den engelske versjonen og samlikne med. Som sagt så gjort, og jaudå alle dei 2rettsammen skulle vera 2 vrange. No gjekk strikkinga litt lettare. Men eg sat framleis med norsk og engelsk versjonane og samanlikna, når det var ting eg ikkje skjøna. Den engelske var lettast å forstå. Men eg må sei at dette ikkje var eit mønster for nybyrjarar. Enkelte ting måtte ein tenkja seg til. Men alt i alt så kjem eg sikkert til å strikke fleire av denne.
Mønster: Leaf Hat av Betty Balcomb
Garn: Cacade 220 Heather.
Pinner: 4.5 mm.