Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 6. april 2011

Endå fleire strikkevesker..

IMG_8660

Har visst sydd litt til eg. Kjekt når ein får det til og stoffet “fengar”.  Eit penalhus og 2 strikkevesker. No trur eg at eg har funne den storleiken som passar best. Måla er nedteikna for seinare høve. Kjekt å ha liggande i tilfelle spesielle anledningarSmilefjes

IMG_8658IMG_8659

Dett penalhuset var ferdig quilta, men mangla glidlås og samansying.

IMG_8661IMG_8662

Denne turkise strikketøyveska er lik den jentungen fekk, berre større.

IMG_8665IMG_8664

Denne sydde eg i kveld, og tek truleg turen over dammen. Som ei overrsking Smilefjes

Hugs give awayen min i innlegget under, bli med!

tirsdag 5. april 2011

Give away….

No nærmar da seg 20 000 snart. Og som takk for alle besøka og koslege kommentarar så vil eg gje vekk ei lita gåve. Gåva kan verte kva som helst, men eg trur det vert noko fint garn.

mobil mars 11 032

Reglane er som tidlegare:

1 lodd: kommentar i dette innlegget.

2 lodd: legg deg til som følgar.

3 lodd: dersom du linkar til meg i bloggen din.

Trekkning vert den 15 april. Bli med då vel!

Ei lita ugle til nøklane…

Eg har sydd ei lita ugle, etter at eg vart innspirert av Bentes hobbyrom. Eg henta fram stoff og tilbehør, jammen godt kva ein har i skuffer og skap. Eg syr ikkje ofte, likevel har eg litt av kvart. Som då kjem til nytte.

IMG_8654IMG_8656

Ei søt lita ugle til å passe på nøklane måtte eg berre sy. Litt putle og pirkete var det, men det vart no eit ok resultat. Litt vanskeleg å få bakstykket og framstykket heilt like. Men, men øving gjer meister Smilefjes Trur iallefall at eg må prøve meg på fleire slike.

IMG_8655IMG_8657

Må berre ta med to bilde av Tassen sist veke då det var SOL.

IMG_8648IMG_8652

 

søndag 3. april 2011

Eg har fått ein award

Eg har vore så heldig å få min fyrste award av Livets krydder. Alle andre har fått og no fekk eg og. Eg er gladSmilefjes

En "Liebster Blog ♥ award" som skal gis videre til 5 bloggere med mindre enn 100 følgere (det var ikke noe problem for meg å kvalifisere til det...). På denne måten kan flere få oppdage hvor mange flotte blogger som finnes rundt omkringSmilefjes

Eg gjer den vidare til:

Ingrids Ull og Tull

Elins Strikkeri

Leei sin blogg

quiltoghagetausa

Tilflukt

 

tirsdag 29. mars 2011

Litt syarbeid…..

 

IMG_8622IMG_8623

Jentungen vart 17 år på søndag. bursdagsgåve hadde ho eigentleg fått, men sidan ho ynskte noko å ha strikketøyet sitt i. Så sydde eg ei strikketøymappe. Den vart kanskje i minsta laget, men eg trur det går bra likevel. Jentungen vart i allefall nøgd.

IMG_8625

Utruleg men sant, jentungen strikkar noko anna enn panneband. Eg har nemleg sett ho i gang med å strikka gensar til fadderbarnet sitt. Den skal vere ferdig til jul, det er iallefall målet. Mønsteret er enkel rullegenser frå Nøstebarn.

IMG_8626IMG_8627

Sidan eg hadde tatt fram symaskina så gjorde eg ferdig ein ufo som har lagt ei stund. Denne tenkjer eg, at eg fyller med blyanter og tusjar og sender den til tanteungen som straks har bursdag.

Fridag og strålande sol :)

mars 11 054mars 11 055

Her har snøen gjort sitt i vinter. Knekt ned pergolaen min, som det skal veksa fine roser på Smilefjes Viss dei har overlevd vinteren. Det får tida visa når 1,5 m snø har smelta vekk.

mars 11 056mars 11 061

I dag har eg hatt fri. Så etter at eg hadde flytta litt på snøen på tunet. Rigga eg meg til framfor altanen med strikketøyet mitt. Og der sat eg i 2 timar før det plutseleg kom ei snøbyge. Heldigvis forsvann den fort, men då hadde eg allerede rydda saman tinga mine. Så no sit eg inne og har fyr i ovnen.

mars 11 062

Skal tru om denna snøen forsvinn før mai???

onsdag 16. mars 2011

Emilee Dee Mitts

IMG_8576IMG_8579

Desse vart eg inspirert til å strikka då eg såg dei på bloggen til MADE BY SOLIS. Enkle og raske å strikke. Og det gjekk med akkurat eit nøste med sandnes alpakka, trur det var berre att 30 cm tråd.

Mønster: Emilee Dee Mitts

Garn: Sandnes alpakka, eit nøste.

Pinner: 3 mm

Tre forskjellige bilder og ingen av pulsvarmarane har lik farge. Trur det vert dei øverst til høgre som er mest lik i fargen.

IMG_8578

I dag er eg heima med ein sjuk liten gut. Hovudverk, ilt i halsen og feber har prega dei siste dagane.

I dag skin sola atte, ein herleg dag å vera inne med sjuk unge Smilefjes

mandag 14. mars 2011

Liten tur til fjells i herleg SOL

IMG_8545IMG_8547

For ein herleg natur me har. Nesten uberørt snø over alt.Inga tegn til tsunamiar og andre katastrofar. Me er heldige, så har det så godt her.

IMG_8548IMG_8550

Under fyste “skikkelege” pausen så fann Helga mykje spennande i sekken sin. Lyspærer er eit must når ein skal til fjellsSmilefjes

IMG_8551IMG_8552

Sjølv om det var langt og tungt i dag, så kom me oss opp.

IMG_8561IMG_8572

To stolte damer på toppen, jippi!!

søndag 13. mars 2011

Rullegensar frå Nøstebarn

 

Eg torer nesten ikkje leggja noko ut på bloggen lenger, som ikkje er jakka til mamma. For mamma ventar på jakka si. Den ligg attmed strikkestolen min, og der ligg den godt Smilefjes Men her kjem likevel ein liten gensar. Starta på før jul, men no er den ferdig. Godt med alt som vert fardig av UFOar som ligg rundt om kring.

IMG_8539IMG_8538

Mønster: Rullegensar frå Nøstebarn

Garn: 2tr. Lammeull

Pinner: 2,5 og 3 mm

Storleik: 2 år.

IMG_8541Fine små høneknappar har den fått og.

No skal eg sjå Oppdrag Sognefjorden !! eit flott program.

Eg håpar på sol i morgon, for no har det snøa i fleire dagar……

onsdag 9. mars 2011

Ruskevær

DSC00129

Litt ruskete i skibakken i gårkveld. Ikkje ofte gutungen ringer heim før skibakken stenger kl.21. Men i går då ringte han før halv 9, for no måtte eg kom å henta han med ein gang for han var VÅT.

Ikkje var det att ungar i trekket heller…….kva slags mor er eg som let ungen vere der heilt aleina???