Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 7. mars 2011

Calorimetri

IMG_8537

Endeleg har eg og strikka dette pannebandet som alle andre her i bloggverden har strikka. Eg brukte masketalet som stod i oppskrifta (120 m) dette vart for stort i dette garnet. Så neste gong får eg legge opp mindre masker når eg brukar noro kueyron. Eller eg må bruke tynnare garn.

Mønster: Finn du her

Garn: Noro kureyon

Pinner: 4 mm.

I dag lava snøen ned her i indre sogn. Så det vert fint innever i dag.

søndag 6. mars 2011

Jubileumsgensaren 2008

Endeleg ferdig strikka, gensaren var ferdig for 1-2 år sidan. No er er trådane festa og buksa og ferdig. Som de ser av bilde under så har blåfagen forandra seg litt på desse åra, eg måtte kjøpa meir til buksa. Slik er det berre når alt garnet ikkje vert kjøpt ilag.

IMG_8533IMG_8534

Mønster: Dale garn Jubileumsgensaren 2008

Garn: Dale baby ull.

Pinner: 2 og 2,5 mm.

IMG_8531IMG_8532

Dette settet tek turen til Os og vetle Ulrik. Velkomen til verden.

GRATULERA PETTER OG TORD

torsdag 3. mars 2011

Bestillings hue.

Februar 2011 043Februar 2011 045

Har strikka ei lua i tynn alpakka frå DSA. Heilt herleg å ha på seg. Dette er ei bestilling, så eg håpar at kunden vert nøgd. Kanskje eg må strikke ei slik til meg sjølv og, berre i andre fargar. Me får sjå om eg får tid. Har litt forskjellig hengande over meg som burde vore ferdig. Dette veit mamma alt omSmilefjes

Mønster: frå DSA

Garn: Tynn alpakka

Pinner: 2,5 mm.

Februar 2011 046Februar 2011 044

No kosar eg meg med stafett i skiskyting. Ser ut til at Norge vinn GULL Smilefjes

søndag 27. februar 2011

Liten hals

IMG_8486IMG_8487IMG_8488

Har strikka ein liten hals. Var på jobb på butikken i går og då vert det ofte med heim litt garn. I går vart det då med heim eit nøste Puno og mønster til denne halsen. Strengt tatt, mønster hadde eg ikkje hatt bruk for.Rask liten sak å strikke var det.  På bildet så ser det ut som eg har brukt raudt garn, men det stemmer ikkje. Fargen er mørk rosa mot litt burgunder. Denne tenkte eg at mamma skulle få til dagen sin, som var 20 februar. Pluss litt anna som ho ikkje treng vita om, før ho får det.

Mønster: pt design nr: 102

Garn: Puno

Pinner: 10 mm.

lørdag 26. februar 2011

Vottar igjen…

DSC00120

Har strikka et nytt par med vottar. Utruleg nok fekk eg eit bilde før eg sendte dei avgarde. Rett og slett flaks, for eg skulle senda eit bilde til ho som skulle ha dei.

Mønster: Votteboken

Garn: Rauma 3 tr. strikkegarn.

Pinner: 2,5 og 3 mm.

 

DSC00119

Eit lite situasjonsbilde frå vinterferien 2011.

onsdag 23. februar 2011

Sjal i dominostrikk

IMG_8483

No har eg prøvd meg på dominostrikk for fyrste gong. Ganske kjekt var det og faktisk. Vert ikkje så lange omgangar. Startar me 41m. og feller til du står att med 1m. gong på gon til det er stort nok. Eg og ei veninde starta omtrent samtidig, så me får kalle det samstrikk. I det siste har det vorte lite strikking mot vanleg, for her har det stortsett vore ski fleire gongar i veka. Og då vert ein litt sliten om kvelden….resultatet vert då lite strikking….

IMG_8480

Mønster: Familien nr.2

Garn: Mini Palett frå Sandnes garn

Pinner: 4,5 mm

fredag 18. februar 2011

Gensar til minsteguten.

IMG_8441IMG_8442IMG_8445

Har strikka ein tynn ullgensar til minsteguten for ei stund sidan. Hadde visst berre gløymt å blogga den. Hallvard har meir eller mindre budd i den sidan den vart ferdig. Jammen er det kjekt når ungane brukar det eg strikkar til dei.

Mønster: sandnes hefte nr ?

Garn: svart-austermann step og fleirfarga-lana grossa, meilenweit

Pinnar: 2,5 og 3 mm.

Storleik: 9år, kunne godt ha vore litt større.

tirsdag 15. februar 2011

Rose red i raudt.

IMG_8424IMG_8425IMG_8426

Har strikka endå ei rose red denne gongen i raudt. Katten poserer velvillig i lag med hovudet Smilefjes

Mønster: Rose red av Ysolda

Garn:  Alpaka Fashion av Schachenmayr

Pinner: 3,5 mm.

IMG_8392

Her ser eg heim att. Bildet er tatt frå skitrekket.

IMG_8402So høg er snøkanten på tunet. Under all snøen så er det ein mur på 130 cm trur eg. Johannes som står er 157 cm til samanlikning.

IMG_8411

Denne buketten måtte eg nok stå for sjølv til morsdagenSmilefjes

søndag 13. februar 2011

Hodlekve

DSC00103DSC00104

For ein herleg dag i bakken. Her står dei som skal gå til Blåfjell… noko ikkje eg skal.

 

DSC00101DSC00108

 

Ein liten tur i Stedjekamben gjer seg. Vart vist laussnøkøyring på meg og…

DSC00107

Ha ein fortreffeleg morsdag…. klem Linda.

søndag 6. februar 2011

Meir snø…

DSC00348DSC00351

Skal tru om me har nok snø no eg???? Her har de utsikta mi frå stoveglaset til venstre og kjøkenglaset til høgre.

DSC00352Legg eg godviljen til så ser eg litt anna enn berre himmelenSmilefjes

DSC00355DSC00356

Bildet til venstre viser taksnøen som ligg på nedsida av huset. Taksnøen dett ned mellom huset og vedhuset og byggjer seg berre høgare og høgare. Snøen bygger snart huset inn, nett slik som oppi nordnorge der dei bygde inn eit hus med isblokker.

DSC00353Her byrja snøen rase inn på svalgangen.

 

DSC00350Utsikta frå altanen.

DSC00358DSC00354

Og tilslutt 2 stemningsbilder frå tunet og garasjen. Med all denna snøen og ein mann som skal vere vekke heile veka, trur du eg vert dritlei av å vera aleinemor??? Og ein fres som ikkje virkar……

På flatmark så er det sikkert mellom 120 og 130 cm snø. Kanskje meir og…