Ei lita oppdatering om snøen. I dag har eg vore ute å flytta på snøen i 2 timar. Måtte ta vekk snøen oppå pergolaen min, før den knekk i saman. Og det var jammen på tide, for den var byrja gje etter midt i ein stor kvist i treverket. Oppå var det sikkert mellom 60 og 70 cm snø.
For å kome meg bort til pergolaen så måtte eg forsere nokre meter med snø. Det er ikkje mange metrane frå altanen til pergolaen, men jammen var det tungt å kome seg bort der. Stod midt uti snøen til langt oppå magen. Greit nok eg er ikkje meir enn 156 cm høg, men likevel så er det meir enn nok snø.
No hadde eg tenkt å kosa meg med pinnane, men veit ikkje om eg orkar for trur du ikkje eg har ilt i armane etter denne snøflyttinga
Kos deko i snøveret. Det gjer eg…..trur eg.