søndag 1. august 2010

Hagesenter på Fagernes.

Juli10 596

På veg heim frå ferie stoppa me på eit hagesenter på Fagernes. Her kunne eg ha gått i timesvis, men det hadde eg/me ikkje tid til. Men masse fint hadde dei. Og litt fekk vera med heim att.

 Juli10 594Juli10 592

Dei hadde eit kjempe utvalg her i forhold til kva ein finn heima. Det kan nok verte fleire turar til Fagernes…….

 

Juli10 599  Juli10 598Då me var komne heim att så var det å ha seg ein runde rundt i hagen. Og riddersporene mine hadde kome ut i full blomst. Kjøpte meg ein ny ein på Fagernes som må plantast ned ein plass og men kor???

 

Juli10 602

 Til og med rosa som skal opp i pergolaen hadde byrja blomstra. Rosa på den eine sida og raud på den andre.

No byrja det regne att ute. Er nett ferdig å plukke jordbær. Ikkje så mykje som er modne endå…..eg treng litt varme og sol.

2 kommentarer:

  1. Lengre tid uten internett gjer til at eg posta mange innlegg på ein og samme dag.. Antageleg kjem berre det aller nyaste opp på lista di ;)

    Ser ut som de har hatt nokre flotte dagar på tur!! Kjekt å ha med seg litt nytt heim til hagen? Du har jo mykje flott der frå før óg då.. :)

    Ha ein fin kveld!!

    SvarSlett
  2. Farlig å gå inn i et hagesenter, da kommer man ut med planter og busker og.....og så kommer problemet, har jeg plass til disse:D
    Men trivelig å gå rundt å se;)
    Ha en fin dag og klem fra meg;)

    SvarSlett