tirsdag 22. mai 2012
Bestemor striper
fredag 18. mai 2012
onsdag 16. mai 2012
Seraphim sjal.
Dette sjalet var turstikket mitt då me var til Paris i april. Noko som eg angrar litt på. Det hadde vore mykje betre å hatt med seg sokkestrikk på pinne 3 mm enn dette sytrådstikket på pinne 3. Måtte fylgje med heile tida omtrent. Ja ja no er det no ferdig. Dette er det tredje sjalet i dette mønsteret, i fjord hadde eg med meg det same til Svalbard berre i wollmeise lace.
Mønster: Seraphim.
Garn: Drops Lace i ein heilt lys rosa farge.
Pinne: 3 mm.
Då eg var ute og tok bilde av sjalet så regna det slik som dette på dammen og resten av hagen og det er vels slik det er meldt i morgon og. Så eg må sei eg er ikkje så veldig lysten på noko togtur i morgon…..
Alle som er innom må ha ei fortreffeleg feiring den 17 mai…..og hugs ull underst.
torsdag 10. mai 2012
Mosters babystrømper og vanlege sokkar.
Mosters babytstrømper # 1904.
Måtte nett prøve meg på desse sokkane her og. Skikkeleg enkel rillestrikk.
Mønster: Mosters babystrømper frå Nøstebarn boka.
Garn: New Zealand lammeull.
Pinnar: 2.5 mm.
Storleik: 4 –12 mnd.
Så endå eit par vanlege strikkalabbar. Desse er strikka i Online garnet som eg likar så godt, på pinne 3mm. Og dei passar nok ei dame med storleik 39 –40 i sko.
I dag har eg skifta vatn i dammen. Det var så grumsete etter vinteren og pumpene klarte ikkje å ta det. Truleg er vel kanskje pumpene forsmå i forhold til dammen. Men me får sjå korleis vasskvaliteten vert fram over. Gullfiskane likte seg godt i straumen frå pumpa. Auren som gutungen hadde sleppt i dammen i haust den var og framleis i live. Eg viste ikkje at det var ein ekstra fisk der heller før no i vår då eg oppdaga ein omtrent svart fisk i dammen. Då eg fortalde dette så var det nokre gutar som smilte lurt…