Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 20. mars 2013

Høgehaug 2013

Her kjem eit lite bilderas frå ettermiddag/kveldens tur. For fyrste gong har eg fått med ein av ungane på tur. Og me har hatt ein tur utan klaging og syting. Bortsett frå at han tykte det var kaldt då me nærma oss toppen. Der var det kald vind, då det er ikkje så rart han klagde litt då.

P1000598P1000599

Her studerar han skiltet. og det er framleis 2.9 km att. Det var sol då me starta å gå, men den var på veg ned sidan det byrja å verte kveldSmile

P1000606P1000611

Det hadde vore nokon før oss, men dei var nok heim att komne før me starta på turen vår….Då me sigla ned att var skispora våre nesten att blesne. Godt me er kjende.

P1000610P1000612

Her nærmar me oss toppen. Der holdt me på å blåsa vekk. Det var berre å halda på ski og alt som var laust.

P1000613P1000616

Etter obligatorisk fotografering, var det av med feller og rett ned att.

P1000617P1000618P1000619P1000620

Kjempe stolt av deg Hallvard.

tirsdag 19. mars 2013

Klassiske vottar av Tove Fevang.

P1000589P1000590

Her går det i vottar dagen lang, når eg ikkje er på jobb eller går tur. Eller ryddar litt Smile Endeleg fekk eg ferdig desse vottane og, den eine har vore ferdig ei heil stund, men det sat langt inne å gjere ferdig den andre…..men no er jobben gjort. Då eg såg desse fyrste gongen måtte eg berre strikka dei, for dei var så fine. Framsida er fin, men jammen likar eg godt innsida og. Takk til Tove som har laga eit så fint mønster.

Mønsteret: er frå Familien 3/2012 og er eit Tove Fevang mønster.

Garn: Daletta frå Dalegarn.

Pinnar : 2.5 mm.

P1000591

P1000592P1000593

Ikkje enkelt å ta bilder av vottane i bruk når ein er heime aleina. Men her er no det eg fekk til Smile Sol og fint har me det her i sogn i dag. Håpar morgo dagen vert like fin, for då har eg fri og har tenkt meg ein tur på ski.

Ha ein fin dag.

lørdag 16. mars 2013

Vottar eller mittens :)

P1000578P1000579

Babyvottar etter mønster frå Rauma hefte LVS-5 selbustrikk. Dette heftet har mange fine vottar. Vottane er strikka på pinne 2.5 og 2 tr gammelserie frå rauma. Desse vottane er med i projo sin vottealong 2013.

P1000583P1000584

Så var det vottane Stripeleik. Dei er januar vottane i vottealongen til projo 2013.  Mønster Stripeleik det finn du her. Desse har eg strikka i pt2 og pinne nr 3mm. Besta vottaganet som er, vil eg påstå Smile Litt stivt og hardt å strikka med, men vert godt og mjukt etter ein liten vask. Tova desse vottane litt i tørketrommelen, så no passar dei meg.

P1000586P1000587

Så til sist  har eg strikka puddelvottane til Jorid Linvik. Enkle mønster å strikka etter. Mønster får du kjøpt her. Det er berre til å bla litt nedover sida hennar, så finn du dei. Desse er og strikka i pt2 og fin ull.

SÅ her har det litt av det eg driv med for tida, VOTTAR til store og små. Så til jul vert det sikkert vottar til heile familien Smile 

onsdag 13. mars 2013

Blåfjell 2013

IMG_0171IMG_0175

Då har eg endeleg vore på Blåfjell eg og. Da var litt slit å koma seg opp dei brattebakkane, fleire var rett opp Smile

IMG_0179

Men me kom oss no opp. Og eg kvidde meg for å sigle ned att.

P1000537P1000538

Her ser me Anestølsvatnet frå Kambafjellet. Utruleg utsikt.

 

P1000545P1000569

IMG_0189P1000564

P1000571IMG_0184

Toppen er nådd og me hadde ein velfortent pause.

IMG_0196IMG_0190

So var det berre turen ned att. Då me sto på toppen så seier eg “fyrstemann ned spanderar middag”. Jarle og Per Egil måtte venta på meg ned dei brattaste bakkane, likar ikkje lausnø og skare eg nemleg. Men då me kom ned på preppaløypa, så tok eg av og såg ikkje gutane att. Så kven trur de var fyrst ned ??? Jaudå Linda, så ho måtte spandera middag i dag……kinamat er godt Smile

fredag 8. mars 2013

Brennande kjærleik

Då har eg og strikka vottane Brennande kjærlighet, og nok ein gong har Jorid Linvik laga eit flott mønster. Skjønar ikkje korleis ho får det til? Her er det ikkje mykje fantasi.
Eg har eit lite eller stort garnlager å ta av så det var ikkje vanskeleg å finne garn som passa :) Eg har brukt pt2 og finull. Noko av det beste vottagarnet.
Tre par vottar held eg på med, samtidig. No er det berre to att.







torsdag 7. mars 2013

Jolnirs hjarte vottar....

Her kjem hjartevottane... Merkeleg kor lang tid ting skal ligga før det kjem på bloggen, kanskje dei treng litt modning:) Desse vart strikka ferdig i sydenvarmen:)
Desse er strikka i ullteppegarn kjøpt på sparkjøp, mønsteret har kjøpt på Ravelry.com og heiter jolnir av Emmy Petersson.
Desse kjem eg nok til å strikke fleire av, men då i litt tjukkare garn, for dei vart litt små. Eller det vil sei at dei passa meg heilt fint, men so har ikkje fg så store hender.