Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 25. februar 2013

Husmorferie og overrasking av mamma som vart 60.

iphone2013 443iphone2013 446

Her har eg kost meg den siste veka. Mamma vart 60 på onsdag, og skulle vera bortreist på dagen. Då fann eg og ein syster mi at me skulle reise ned å overraska ho, noko ho vart Smile så oppdraget vart utført med glans.

iphone2013 471Februar 2013 099

Ei veke utan mann og barn har vore heilt herleg. Mamma tok oss med til fiske landsbyen Puert de Mogan. Ein kosleg liten by med masse fine blomstrar.

iphone2013 492iphone2013 497iphone2013 506iphone2013 507

Me gjekk og ein tur til Amadores og denne flotte badestranda, her fekk eg svidd flesket litt.

iphone2013 518

Bada gjorde eg og.

iphone2013 533iphone2013 535

Eg er ikkje laga for steikandes sol og varme, eg taklar ikkje å ligge pal i sola. Så eg tok meg ein liten fjelltur opp til den norske palmelunden.

iphone2013 548iphone2013 554iphone2013 555iphone2013 575iphone2013 576iphone2013 605

Masse trappegåing har det og vorte. Trapper var det over alt.

iphone2013 633iphone2013 656

Etter ei fin veke så var det berre å koma seg heim att til minus grader, sol og vinter.

tirsdag 12. februar 2013

Fykesvotten Sogn og fjordane.

IMG_9900IMG_9901

Ein himmel sto i brann….. Fann desse bildene på fotoapparatet, tatt i januar ein gong.

Så over til fylkesvotten for sogn og fjordane. Blomsten som pregar framsida av votten er fylkesblomsten til sogn og fjordane.

IMG_9903

Kan du sjå likheita mellom revebjellene? Det er Åshild Dombestein som har designa vottane.

Mønster:Fylkesvotten sogn og fjordane

Garn: Hifa 2 ullgarn.

Pinnar: 2.5 og 3 mm.

Eg angrar litt på fargevalet, skulle ha valgt ein lysare grå i botnen. Men, men no vart dei no slik. Spørst om det vert fleire vottar, for det var litt lange spenn mellom fargeskifta.

IMG_9907IMG_9906

IMG_9912

Litt vanskeleg å ta bilder av. Me de får no ei viss peiling.