Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 14. juni 2013

Etter ei veka i Portugal er det godt å ta turen til fjells…..

Me har hatt ei flott veke i Portugal. Leigde eit hus med badebaseng litt utanfor Ohlao. Stille og fredleg rundt oss. Kan anbefalast på da sterkaste.

mobil 2013 801mobil 2013 817

Herleg med eige badebaseng, ein kan bada dagen lang i.

mobil 2013 786

Ein liten køyretur frå huset ligg Zoomarine. Ein fin liten park, med mykje spennande. Her var me på delfinshow. Utruleg kva ein kan få delfinane til å gjera.

mobil 2013 885mobil 2013 883

Sevilla var berre nokre timar unna, så det vart ein liten tur dit og. Flott by, det vetla me såg.

mobil 2013 937

På turen tilbake frå Sevilla, stoppa me ved Praia Verde, finaste stranda i Portugal. Der var det så mykje vind, at me hadde heile stranda for oss sjølv.

mobil 2013 979mobil 2013 1046

Dette er frå stranda ikkje langt frå der me budde. Og så eit bilde frå dei flotte blomste trea me hadde ved huset. Tenk å hatt slike heima…..

mobil 2013 1103

Så til overskrifta…..fint å vera på tur, men jammen er det godt å koma heim att og kunna ta turen til fjells. Fyrst var eg og Hallvard ein tur på Kollsetevatnet å fiska. Ingen fisk, sjølv om den hoppa rundt oss.

mobil 2013 1173mobil 2013 1175

Og så hadde eg meg ein lengre tur aleina, før regnet kom. Sogndalsdalen og dalavatnet på sitt besta. Kan ein ha da finare Smile

Borte bra, men heima best!

mobil 2013 1190

2 kommentarer:

  1. Ja, det er noe med det du sier. Jeg nyter dagene på Nordmøre for tida, både i byen og rundt omkring.

    Fortsatt god helg!

    Klem

    SvarSlett
  2. Ja, det er fint å få nye inntrykk fra andre land og steder. Og da setter en kanskje ekstra pris på den vakre naturen og stillheten i norske fjell?

    SvarSlett