Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

fredag 31. august 2012

Storehogen og Hesteggi

Då har eg vore på 2 nye turar denne veka. Strikking vert det ikkje tid til:) Det fine med å jobbe turnus er at eg har fridagar innimellom, som eg no nyttar til å gå på ein ny topp. Før vart dagane nytta til strikking.....heile dagen lang. No vert dagane i fyrste omgang nytta til ein ny topp her i distriktet. Onsdag då var eg ein tur på Storehogen der mastene står. Og i dag har eg vore på Hesteggi. No skal eg ha nattevaktshelg. Ha ei fin helg alle som tek turen innom.

søndag 26. august 2012

Tur i regnver....stolt over meg sjølv.

Da e lite strikking på bloggen for tida. For tida vert stortsett nytta til litt toppturar. I går gjekk eg tur 3,45 timar i yr og regn.... Noko som eg er stolt over ....snudde ikkje før eg hadde vore på toppen, og i går var det Dueskarhøgdi på 986 moh trur eg. Normalt hadde ein hatt god utsikt, men eg såg stortsett berre ein kvit vegg, nemleg skodde. Så eg lyt nok ta turen ein gong til, slik at eg får med meg utsikta og.

På mandag hadde eg med meg vetla syst på tur. Då var me på Molden 1116 moh. Ein flott tur.

mandag 13. august 2012

Diverse turar i sommar.

Måtte nett laga eit lite samle innlegg med diverse fjellturar eg har vore på i sommar. Nyt bilda!

Vogn/baby teppe.

Då har eg nok ein gong hekla eit vogn/baby teppe. Ganske snedde arbeid å ha med seg i veska. Eit nøste deligth gjev 10 ruter. Og slik held ein på. Og plutseleg har du nok til eit lite teppe.

onsdag 8. august 2012

Stigstuv ….21 år sidan sommar jobb….

 

DSC08866For 21 år sidan hadde eg sommarjobb på denne turisthytta på Hardangervidda. To flotte somrar hadde eg der. No 21 år etter så har eg, Johannes og pappa hatt oss ein tur til Stigstuv att. Eg har vore der i fleire gongar på desse åra Smilefjes

DSC08858DSC08861Det var fyrste gong at me har måtta gått så mange omvegar på grunn av mykje vatn i stien. Me er vorte flinke til å balansere på steinar…

DSC08862DSC08863Heldigvis så var det mykje tørrare i stien då me gjekk heim att. Eller tilbake til Tinnhølen, der bilen stod.

DSC08864DSC08865Eg kom til Tinnhølen mandagskveld og la meg i bilen der, til pappa og Johannes kom opp neste morgon. Var ikkje mykje søvn den natta, for eg låg og høyrde på regnet. Det regna godt heile natta…og dette skulle me gå i neste dag….åååå nei. Det hadde eg ikkje lyst til, men neste dag var veret mykje betre. Til tider hadde me og sol. Så turen vart veldig bra. Og gamle kjenningar treffte me og…. Dette skal me gjenta til neste sommar… Nokon som vil vere med???

søndag 5. august 2012

Vest til ein liten tøffing.

DSC08852DSC08854

Her stiller gutungen villig opp som modell (not). Difor er bildene av dårleg kvalitet. Lite fine kan du sei Smilefjes Men dei gjere no nytten sin.

Mønster: http://www.ravelry.com/patterns/library/s22-42-luca---boys-vest-with-textured-pattern-in-karisma-superwash

Garn: Lima.

Pinnar: 3 mm og 3.5 mm.

Storleik: ca 9 år.

DSC08856DSC08857

I dag har eg ikkje gjort noko som hels. Skulle klyppa plenen…plenklypparen starta som berre det…heilt til eg skulle tøma den for gras…då starta den ikkje….så no står den midt på plenen…kanskje den starta att snart…..

lørdag 4. august 2012

Kor gjekk turen i dag???

I dag gjekk turen til Tylderingen 1104 moh. Mannen og ungane var nett opp på vardafjell medan eg og Helga tok stien under fjellet. Me kom vist litt på feil plass, men slik er det når da ikkje e merkt og me ikkje er kjende. Men opp på toppen kom me likevel.

fredag 3. august 2012

Litt fjellturbilder…..

Juli 2012 119

Kollsetevatnet på flata midt i bildet. Helleberget fjelltoppenn midt i bildet.

Juli 2012 120

Tassen lurer på om me skal gå litt lenger…

Juli 2012 123

Kollsetevatnet….framleis litt snø att her..

Juli 2012 124

Hytte ved Kollsetevatnet

Juli 2012 126

Då eg og Tassen var komt opp så var det “flate” vegen vidare, mot Nipevatnet.

Juli 2012 127

Nipevatnet, og rundar ved foten av Reppanipa.

Juli 2012 129

Nipevatnet til høgre og Rundavatnet til venstre. Ei lita hytte står mellom desse to vatna. Godt det ikkje er flo og fjære på fjellet.

Juli 2012 131

Så har eg runda Reppanipa og er på veg ned att til sivilisasjonen.

Juli 2012 133Juli 2012 134

Bekkar og stryk måtte kryssast. Nokre plassar var det blautt og sleipt. Men smilet viser vel at det var ein fin tur.

Juli 2012 139

Dagen etter turen på Kollsetevatnet så viste me Litauarane kor fint det kan vera på fjellet i Noreg. Nuken var målet den dag. Dette var ein av dei fine dagane me har hatt dei siste vekene.

Kor går turen neste gong?

Babyteppe/vognteppe i Delight

Juli 2012 215

Her kosar eg meg med hekling av ruter som skal bli eit babyteppe/vognteppe. Alle desse rutene som ligg på utover bordet er ikkje i teppet under. Dei blå/turkise og dei raude/svarte passa ikkje inn. Men eg kan no lage fleire tepper eg. Berre hekla nokre ruter til i passande fargar og så vips har eg kanskje to tepper til Smilefjes  Faktisk ganske greit hekl å ha med seg i veska. Tek lite plass…..

 

Juli 2012 221Juli 2012 222

Mønster: Drops 124 – 1 (sjekk garnstudio).

Garn: Delight 3 nst og fabel 2 nst.

Heklenål: 5 mm.

Storleik: 65 X 72 cm.

Ynskjer du det større, så er det berre å hekle fleire ruter.

 

 

Juli 2012 224Juli 2012 223

Ha ei fin helg alle der ute i bloggverden. Eg har framleis att ei veke ferie Smilefjes