Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 22. mai 2012

Bestemor striper

Var innom den lokale Sy og Strikkebui og kjøpte babyull i friske fargar. Etter inspirasjon frå Arctic strawberry sine tepper, så har eg og starta på eit teppe.

fredag 18. mai 2012

Stor dag i dag og....

Då er me ferdige med å feira i dag og. Gutungen er vorten tenåring og eg eit år eldre......

onsdag 16. mai 2012

Seraphim sjal.

IMG_9027IMG_9028

Dette sjalet var turstikket mitt då me var til Paris i april. Noko som eg angrar litt på. Det hadde vore mykje betre å hatt med seg sokkestrikk på pinne 3 mm enn dette sytrådstikket på pinne 3. Måtte fylgje med heile tida omtrent. Ja ja no er det no ferdig. Dette er det tredje sjalet i dette mønsteret, i fjord hadde eg med meg det same til Svalbard berre i wollmeise lace.

Mønster: Seraphim.

Garn: Drops Lace i ein heilt lys rosa farge.

Pinne: 3 mm.

IMG_9029IMG_9030

Då eg var ute og tok bilde av sjalet så regna det slik som dette på dammen og resten av hagen Smilefjes og det er vels slik det er meldt i morgon og. Så eg må sei eg er ikkje så veldig lysten på noko togtur i morgon…..

IMG_9031

Alle som er innom må ha ei fortreffeleg feiring den 17 mai…..og hugs ull underst.

torsdag 10. mai 2012

Mosters babystrømper og vanlege sokkar.

IMG_9023IMG_9024

Mosters babytstrømper # 1904.

Måtte nett prøve meg på desse sokkane her og. Skikkeleg enkel rillestrikk.

Mønster: Mosters babystrømper frå Nøstebarn boka.

Garn: New Zealand lammeull.

Pinnar: 2.5 mm.

Storleik: 4 –12 mnd.

IMG_9025IMG_9026

Så endå eit par vanlege strikkalabbar. Desse er strikka i Online garnet som eg likar så godt, på pinne 3mm. Og dei passar nok ei dame med storleik 39 –40 i sko.

 

IMG_9013IMG_9014

I dag har eg skifta vatn i dammen. Det var så grumsete etter vinteren og pumpene klarte ikkje å ta det. Truleg er vel kanskje pumpene forsmå i forhold til dammen. Men me får sjå korleis vasskvaliteten vert fram over. Gullfiskane likte seg godt i straumen frå pumpa. Auren som gutungen hadde sleppt i dammen i haust den var og framleis i live. Eg viste ikkje at det var ein ekstra fisk der heller før no i vår då eg oppdaga ein omtrent svart fisk i dammen. Då eg fortalde dette så var det nokre gutar som smilte lurt…

tirsdag 1. mai 2012

Ute i sola ligg strikketøyet

Har kost meg ute i dag. Med litt strikking og litt rydding i hagen. No skal me kosa oss med grillmat.