Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

onsdag 8. august 2012

Stigstuv ….21 år sidan sommar jobb….

 

DSC08866For 21 år sidan hadde eg sommarjobb på denne turisthytta på Hardangervidda. To flotte somrar hadde eg der. No 21 år etter så har eg, Johannes og pappa hatt oss ein tur til Stigstuv att. Eg har vore der i fleire gongar på desse åra Smilefjes

DSC08858DSC08861Det var fyrste gong at me har måtta gått så mange omvegar på grunn av mykje vatn i stien. Me er vorte flinke til å balansere på steinar…

DSC08862DSC08863Heldigvis så var det mykje tørrare i stien då me gjekk heim att. Eller tilbake til Tinnhølen, der bilen stod.

DSC08864DSC08865Eg kom til Tinnhølen mandagskveld og la meg i bilen der, til pappa og Johannes kom opp neste morgon. Var ikkje mykje søvn den natta, for eg låg og høyrde på regnet. Det regna godt heile natta…og dette skulle me gå i neste dag….åååå nei. Det hadde eg ikkje lyst til, men neste dag var veret mykje betre. Til tider hadde me og sol. Så turen vart veldig bra. Og gamle kjenningar treffte me og…. Dette skal me gjenta til neste sommar… Nokon som vil vere med???

2 kommentarer:

  1. Ja takk, det vil jeg gjerne:) Vi planlegger en uke i Førde neste sommer, fjellturer blir det nok helt sikkert da, men om turen går til Stigstuv vet jeg ikke.
    Fin tur dere har hatt, alltid koselig og komme tilbake til "gamle trakter" igjen:)

    SvarSlett
  2. Så herlig med fjellturer og Hardangervidda er en flott plass :O) Skulle gjerne vært med jeg men har ikke gått i fjellet siden jeg var jentunge så da må jeg øve masse før jeg legger ut på en sånn tur :O) Men jeg nyter de flotte bildene dine :O) Klem fra Bente.

    SvarSlett