Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 31. oktober 2011

Panneband ala Stinemor.

DSC08527DSC08535

Det er tett mellom innlegga i desse dagar…lurar på kvifor Smilefjes Sidan eg ikkje har strikka noko ferdig i dag så kan eg vise desse pannebanda som eg har stikka for lenge sidan. Og som eg ikkje har vist tidlegare, dei er berre vorte borne opp på syrommet mitt. Så i dag då eg var litt lei av å strikka så var eg opp og tok bilde.

Mønster: Stinemor.

Garn: Drops ekstra fine merino.

Pinner: 5 mm.

DSC08537

De får ha ein kveld no skal eg kosa meg med Walander.

Leaf hue.

DSC08516

No har eg ikkje så vondt i fingrane lenger, så strikkinga går nesten som ein draum Smilefjes Nokre av dei er framleis litt stive av plaster. og spesielt rett etter plasterskifte.

I går ettermiddag starta eg på denne hua her, som og vart ferdig i løpet av kvelden. Eg kjøpte norsk oversettelse av mønsteret hjå Strikk innom. Sette i gang med stikkinga. Starten gjekk fint 2 rett og 2 vrang var lett, aukinga gjekk og fint, men så butta det litt. Skulle plutseleg ha mange 2 rettsammen og lite kast. Då ville jo det fellast ganske mange masker når eg nett hadde auka ein del. Så her var det berre å finne den engelske versjonen og samlikne med. Som sagt så gjort, og jaudå alle dei 2rettsammen skulle vera 2 vrange. No gjekk strikkinga litt lettare. Men eg sat framleis med norsk og engelsk versjonane og samanlikna, når det var ting eg ikkje skjøna. Den engelske var lettast å forstå. Men eg må sei at dette ikkje var eit mønster for nybyrjarar. Enkelte ting måtte ein tenkja seg til. Men alt i alt så kjem eg sikkert til å strikke fleire av denne.

Mønster: Leaf Hat av Betty Balcomb

Garn: Cacade 220 Heather.

Pinner: 4.5 mm.

DSC08517DSC08522

søndag 30. oktober 2011

Bittas Mittens og min variant.

DSC08507DSC08509

No er eg oppi 3 par med Bittas Mittens. Så no vert det nok ein liten pause på desse vottane. Eg har strikka 2 par som er heilt etter mønsteret, men så har eg og strikka eit som har litt andre fletter. Er sjølv ganske fornøgd med desse vottane. Får sjå om eg strikkar fleire ein gong seinare.

Mønster: Bittar Mittens.

Garn: Lima frå Drops.

Pinner: 4 mm.

DSC08503DSC08501

Desse vottane over, har fått eit litt anna mønster oppå handa. Resten av oppskrifta er Bittas Mittens. Kjekt å prøve litt andre fletter.

DSC08500

Her ser ein at dei ikkje er heilt like.

 

 

 

 

DSC08505DSC08506

Til slutt eit par i ein annan farge.

I dag regnar det noko forferdeleg. Så eg kosar meg inne. Fingrane har det fint, men det går litt tregare med vetlefingen. Der er såret ganske opent endå. No klarar eg meg med litt mindre plastelappar, som gjer det litt enklare å strikke Smilefjes

Ha ein fin søndags ettermiddag. Klem

fredag 28. oktober 2011

God og varm hua.

DSC08480

Da e merkeleg kor mykje finare huene er på flotte modellar…..Denne hua var det syster mi som tykte var så stilig. Og når eg fekk studert bildet på Drops, så likte eg og hua. No er den ferdigstrikka og eg kjem ikkje til å bruke den!

DSC08496DSC08498DSC08499

Om ikkje eg passa hua, so gjorde no isoporhovudet.

Mønster: Garnstudio.no

Garn: Eskimo og puddel.

Pinnar: 7 mm.

 

DSC08494

Her vart det mykje garn rundt hovudet, men godt og varmt når kulden kjem for godt. Garnet er kjøpt i Kiel, hjå Lana Grossa. Garnet minnar veldig om Puno`n til Rauma. Dobbelt garn, pinne 10 mm og 120 masker og strikkar 3rett og 3 vrang så langt du vil. Då har du denne somdu kan surre rundt 2 gongar.

Tusen takk for alle helsingar!! Slikt varmar her eg sit.

torsdag 27. oktober 2011

Saue møte….

DSC08474DSC08475
Saueull er fint.
Sauegkjøt er godt.
Sau som spring, ikkje noko kjekt. Og samtidig har fått med seg bandet til hunden.
Då ser hendene mine slik ut. Djupe sår i fingrane på høgrehand, meir overfladiske på venstre. Dette har då resultert i ei roleg veka utan strikking…. Herregud kor eg har kjeda meg. For eg har og vore utan nett i to dagar….ikkje kan eg vaska heller- pass på at du ikkje vert våt på hendene sa doktoren. Jaja nett so eg sakna vaskinga, nei. Til og med det å sjå på fjernsyn uten å strikka vart kjedeleg.
I morgon er det rett ned på legesenteret for å skifte og høyre kva dei seier…har det byrja gro?
Ha ei fin helg de som kan strikka!

søndag 23. oktober 2011

Mittens mittens…..

Ja ja då er vottestrikkinga i gang og. Lurer på kor mange det vert ut over vinteren. Her er dei fyrste to. Endeleg har eg satt i gang med Bitta sine vottar i Lima. Flotte vottar og for eit godt garn Lima er. Mjuk og god, ull og alpakka. God passform. Vil tru at det kjem fleire av desse…
DSC08469DSC08472
Mønster: Bittas Mittens.
Garn: Lima frå Drops.
Pinnar: 4 mm.

Og så har eg strikka Bellas Mittens. Desse likar eg og veldig godt, einaste er at dei er litt lange. Så neste gong trur eg at eg skal strikka den korte versjonen. Likte godt denne grøne fargen, som eg har meir av så det vert nok kort verjonen og i denne fargen. Trur det er på tide å byte ut den sommarfuglduken på kjøkenet. Litt lei den som bakgrunn for bildene….
DSC08458DSC08461
Mønster: Bellas mittens.
Garn:Cascade Eco +
Pinner: 5.5 mm.
No har eg bakt sjokolade kaka til 4H festen i dag. Så no skal me snart kosa oss. Ha ein fin søndag allesaman.

fredag 21. oktober 2011

Nok eit sett Sweet Caroline

 

DSC08468Nok eit sett er ferdig. Og nok ei julegåve ferdig. Det minkar på lista mi no…og godt er det. Kanskje eg vert ferdig med gåvene før desmber startar? Tenk kor godt det hadde vore.

Mønster: Sweet Caroline frå garnstudio.

Garn: Drops alpaca.

Pinner: 3.5 og 4.5 mm.

DSC08466

Ha ei fin helg alle som er innom. Og tusen takk for allekoslege kommentarar.

mandag 17. oktober 2011

Gensar til 3 litaren.

DSC08451DSC08453

No kjem i allefall 3 literen til å halde varmen. Var ikkje berre, berre å få tak i stor nok 3 liter. Den fyrst eg kjøpte var for liten, og det var sikkert for eg kjøpte den billigaste raudvinen. Så måtte eg senda systo på polet for å få tak i ein som var litt lengre…..og det til den nette sum av 370 kr. Så på 2 dagar har eg brukt 670 kr på 6 liter vin. Og eg som ikkje likar det litt ein gong Smilefjes Får tru eg kanskje kan gje dei vekk til jul? Nokon som vil ha?

Mønster: Tema 27 sandnes garn.

Garn: Fritidsgarn.

Pinner:5,5 mm.

DSC08446DSC08447

I dag har Johannes lag middag. Lamme kjøttdeig laga om til hamburger. Litt spesiell smak på lammekjøttdeigen, men ellers var det veldig god. Han er ein flink kokk, når han berre vil.

fredag 14. oktober 2011

Skjerf og lue til jul.

DSC08431
Då er nok ei julegåve ferdig. Håpar mottakaren vert like fornøgd som eg er med dette. So fornøgd at eg har starta på sett nr. 2. Som og skal bli julegåve.
Fyrste gong eg såg dette i Norsk Ukeblad så måtte eg berre strikke det. Og då eg fyrst hadde strikka hua og prøvd den på så trur eg står og seier høgt at denna passa eg med. Godt fornøgd. Av og til er det berre slik at det seier “pang” med ein gong. Og det må strikkast med ein gong, sjølv om ein har mange andre prosjekt pågang Smilefjes
Mønster: Sweet Carolina frå garnstudio.
Garn: Drops Alpaca.
Pinnar: 3,5 mm og 4,5 mm.

DSC08438DSC08444
Her nærmar det seg slutten på vinterferien. Me har vore ein tur til Kiel med Colorline og feirt 40 årsdagen til mannen. Mange gode vener vart med oss. Ein flott tur, men med litt bølger. 9 meter høge seier dei som har vet på det.
DSC08439
Denne helga får me besøk av minsta systo og kjerasten. Så ha ei fin helg alle som strikk innom.

onsdag 12. oktober 2011

Tusen takk.

Tusen takk for gåvaWenche! Kortet er allerede tatt i bruk. Kunne godt brukast til ein 40 åring Smilefjes Boka ligg attmed strikke stolen og vert brukt til ting eg skal hugse.

Denne veka er det haustferie og eg nyt den….

onsdag 5. oktober 2011

Ventar på svar……og lite nytt å vise.

Jaja no sit eg her og ventar og ventar, det kan vel ikkje vere så vanskeleg å svare enkelt på eit spørsmål…..eg treng vel ikkje sei meir. Da e verst for ho som hadde gleda seg til å gå rundt med marius i vinter……det kjem nok ein ny…..når eg har fått svar og sikkert ikkje før etter jul. No går det i litt julegåver og små ting. Startar på mykje forskjellig på ein gong, fordi det er så masse fint eg vil laga. Skal bli spennande å sjå om alt vert ferdig til jul…..jaja tida vil vise.

Så difor er det lite nytt på bloggen. Ikkje fordi eg ikkje vil vise tinga, men fordi ikkje noko vert ferdig når eg har så mange prosjekt på ein gong. Så då får de kosa deko med desse bildene frå mars i år. For snøen nærmar seg….

mars 11 054mars 11 058

No er det slike bilder som dette me ventar på. Ein stabil og fin vinter med passeleg med snø. Men samtidig er eg glad for at alt regnet ikkje har kome i form av snøSmilefjes 

mars 11 061mars 11 062

Ha ein fin morgo dag!