Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 25. september 2011

Alpakka i maskina…..faen!

IMG_0417IMG_0421

Før vask                                      Etter vask

Gjett om eg er drit forbanna. Gensaren er strikka i Alpakka frå sandnes garn og vaska på ullprogram og 30 grader. Og så ser den slik ut, den har tova seg. Eg har vaska alpakkaulla frå sandnes før i vaskemaskina og det har gått fint, men denne gongen tova den seg og vaskemaskina var full av hår.Halvparten av alpakkaulla låg att i maskina. Dette skal ikkje skje og no er eg drit sur. Sitje å strikke i så mange timar og så er gensaren øydelagd. Eg har og vaska kragejakka mi på same programmet og den er i rein ull som kan tove, og den tova ikkje. Den var like fin då eg tok den ut. Dette garnet som eg brukte i denne gensaren skulle kunne vaskast på ullprogram og 30 grader, men det har den ikkje tålt.

Andre med same erfaring?

IMG_0422

Marius for Mari….

IMG_0408IMG_0410

Då har eg strikka min fyrste Mariusgensar (eg har strikka ein mariustunika) og det vert sikkert ikkje den siste. Har faktisk lyst på ein sjølv og Smilefjes, men det trur eg må vente til etter jul…..

Mønster: Tema 15 frå sandnes garn.

Garn: Sandnes Alpakka.

Pinner: 3 mm og 3,5 mm.

Storleik: Medium. 

IMG_0417IMG_0409

Skulle tru det var 2 forskjellige gensarar detter her, er utruleg korleis lyste har innvirkning på bildetakinga.

IMG_0414IMG_0416

I dag regnar det ikkje….så lenge det varer…..eller kanskje det vert betre tider Smilefjes Ikkje mykje blomar att i hagen no. Det er stortsett berre grønt att. Bortsett frå nokre roser, som har tålt regnet.

I dag har me og hatt den fyrste fårikålmiddagen mmmm godt.

Ha ein fin søndag og velkomen nye fylgarar.

mandag 19. september 2011

Aade Long i posten-

IMG_0402IMG_0403

Garn i posten igjen… alltid like spennande å bestille garn på nettet. Denne gongen var det frå denne nettbutikken HER . Ikkje alt er like lett å forstå, når noko er på engelsk og noko på? eit eller anna språk. Pakken er sendt frå Israel, så kanskje det er det språket frå det landet. Ikkje veit eg. 229 kr vart trekkt frå kontoen, noko som ikkje er gale for 260 gr regnbogefarge og 180 gr svart-grå-lilla. Fine fargar var det, men det luktar veldig av sau…

Kva det skal bli av dette garnet er for tidleg å sei Smilefjes 

IMG_0405IMG_0406

Når Hallvard ikkje er flink til å finne vatn til hønene sine, så finn dei vatn andre stader. Hagedammen er då det beste alternativet….

IMG_0385IMG_0386

lørdag 17. september 2011

Baby sokkar igjen….

DSC08418DSC08419

Innimellom er det kjekt å strikka noko som ein ikkje brukar alt for lang tid på. Desse vart til fordi eg skulle få besøk av Grete Letting. Eg ville at ho skulle vise meg korleis ho tek opp maskene til helen. No viste det seg det at ho gjorde det på same måten som meg. Så då er det vel godkjent frå forfattaren av Varme kilder. Kjekt med slike bloggbesøk, som kan anbefalast.

Mønster: Rauma baby nr ?

Garn: Dale baby ull.

Pinnar: 2.5 mm.

Storleik: 6 – 12 mnd.

Denn gongen vog eg nøstene før eg strikka av dei, for å finne ut eksakt kor mykje garn det går til desse små sokkane. Då veit eg kor mykje av reste garnet som kan brukast.

Av botnfargen gjekk det 19 gr. og mønsterfargen 15 gr. Så har du smårestar av babyull så er det berre til å vege dei og sjå om du har nok, og så er det til å strikke slike små sokkar. Kjekt å gje vekk i lag med ein body, når du skal gje ei lita helsing.

DSC08421DSC08420

Her sovast det på dagtid, denne helga…..så ha framleis ei fin helg.

søndag 11. september 2011

Stockholm skjerf

IMG_0367IMG_0369

Oppdatering nr 3 i dag….så da vert vel lenge til neste gong no då???

Har strikka meg ein vid hals/skjerf, som går fleire gongar rundt hovudet. Eigent skulle eg brukt eit nøste til, men vart lei og fellte av då eg hadde brukt 4 nøster. Ser no at den godt kunne hatt det femte nøstet og. Men, men eg gidd i allefall ikkje rekka opp att og strikke den lenger. Varmar gjer den nok likevel.

Mønster: Pattern- Stockholm Scarf 

Garn: Sandnes garn alpakka.

Pinner: 5mm.

Om eg strikkar denne fleire gongar skal eg bruke tjukkare garn eller dobbelt garn.

IMG_0374IMG_0376

Her har me hatt alle årstider på ein dag, eller me har ikkje hatt vinter og snø endå….heldigvisSmilefjes

Så no fyrer eg i ovnen og kosar meg. Ha ein fin søndagskveld.

Baby booties

IMG_0339IMG_0340

Hadde eit nøste med baby silk som eg skulle bruka til nokre babysokkar, mønster hadde eg og. Men det mønsteret som eg hadde var så knotete at det nesten var umulig å strikke. Så då fann eg dette på ravelry. Enkelt og greit og lite trådar å feste. Noko som passar meg ypperleg.

Mønster: Stay-on baby booties 

Garn: Baby Silk frå DSA

Pinner: 3 mm.

Storleik: ? liten baby fot Smilefjes

IMG_0343

Måtte berre ta bilde av ein av opsatsane me fekk i forbindelse med svigerfar sin bortgang. Kjempe fin var den, og så med lys. Men ser no at eg burde ha rydda bordet…..

La regnet øse ned, la det renne i strie strømmer……..

IMG_0355IMG_0363

Skal tru om da regnar eg i dag?????

 

IMG_0361IMG_0365

Trykk på bildene så ser de kor gale da e.

IMG_0366

Nok ein fin inne dag.

mandag 5. september 2011

Hemmeleg ven august på projo forum

IMG_0337IMG_0338

Laurdag kom pakken frå hemmeleg venn på projo forum. Mønster på sjal, 2 nøster sandnes (herre gud eg hugsar ikkje,,,,,ikkje gidd eg gå opp heller for å sjå) og to sjokoladar som vart vekke på ein to tre. Med hjelp frå karane i husetSmilefjes Eg hadde lyst te å starta opp med sjalet med ein gong, men fann ut at eg kanskej burde strikka ferdig gensaren til vetla systo og ein kjolen til ei lita jente. Eg har endå ikkje starta……ikkje har eg strikka på dei to tingene heller, for eg strikka eit par med baby sokkar i staden Smilefjes bilde av dei kjem i morgon.

Min hemmelege venn denne gongen var Hobbyvenn.

IMG_0289

Her sit Tassen og sleiker seg rundt munnen, lurer på kva godt han har fått?