Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

søndag 31. juli 2011

Samstrikk sjal del 2

Juli 2011 044Juli 2011 045

Del 2 av samstrikket er ferdig. Har no vore ferdig ei stund, men det tek tid å blogge for tida. Det har vore mykje jobbing og når det har vore fint ver så har eg vore ute heile dagane, og då vert det lite blogging. Håpar å koma sterkare tilbake…

 

Juli 2011 048Har hatt ein liten foto runde i hagen i kveld. No blomstrar både vannlilja og nokre av rosene mine. Denne buskrosa luktar kjempe godt.

Juli 2011 057Juli 2011 058

Til deko som framleis har ferie…kos dykkSmilefjes Eg kosar meg sjølv om eg har byrja jobba att.

mandag 25. juli 2011

Tunge tankar

Ein fridag etter arbeidshelg og før fira tidlegvakter, har vorte brukt til ingenting. Sov litt lenge, og konstatert at det framleis regnar…..og har då resten av dagen strikka og strikka. No er eg faktisk litt lei det og. Ikkje gidd eg kle godt på meg for å gå ut heller….men har vore ute og gjett hønene mat.

Er tung i hovudet etter alt det triste som har rulla på tvskjermen sidan fredag. UFATTELEG trist og at det går an. Minste guten på 9 har tatt dette tungt. Ikkje det at han kjenner nokon som er råka av dette. Likar ikkje at me set på verken radio eller tv. Det er nesten umulig å ikkje få det med seg. Går nesten ikkje an å skifte kanal heller, for det er det same triste på alle kanalar. Stakkars ungar som får alt dette med seg…og som har mange spørsmål…..som ikkje det alltid er like lett å svare på. Alt det som har skjedd er tragisk, men må det gå på ALLE kanalar heile døgnet? Kan ikkje ungane og dei gamle få fri???

mandag 18. juli 2011

Telefonhus.

IMG_9988IMG_9989

I kveld kom plutseleg sylysta att. Ute regnar det apekattar og eg var lei av å strikka, for det hadde eg gjort heile dagen. Så i staden for å sitje med hendene i fanget, så gjekk eg opp på syrommet og sydde desse 2 telefonhusaSmilefjes Eigentleg kunne eg ha støvsugd litt, men drit og, det kan eg gjera i morgonSmilefjes som blunker

Framgangs måten er Vanella sin, men eg har utvikla den litt. Etter inspirasjon frå fotoveska mi.

IMG_9990

No er ferien min ferdig for denne gong. Tirsdag er det påan igjen…….ikkje mykje fint ver eg har hatt desse 4 vekene…..

lørdag 16. juli 2011

Samstrikk sjal

DSC08228DSC08229

Då har eg endeleg starta på del 1 i sjalsamstrikket. Ferdig er den og på ei lita kveldstundSmilefjes Garnet har eg funne i lageret mitt, som snart byrjar likne ein liten garnbutikkSmilefjes som blunker

Garnet er frå Saffrondyeworks, Odara farge Autumn Sky 50% merino og 50% silke. Heilt herleg å ta i….

torsdag 14. juli 2011

Kose dagar i Bergen.

Juli 2011 033Juli 2011 044

Denne veka har me hatt nokre fine dagar i Bergen. Der me fylgde hurtigbåten frå Sogndal til Bergen og heim att etter to netter i bydn. Her er litt bilder frå turen til akvariet. Mange fine pingvinar fekk me sjå.

Juli 2011 046Juli 2011 062

Vetle systra kosar seg i strandsonaSmilefjes Og så fekk me sjå haiane i haitunellen. Sjølv om dei var noko små, tykte eg. Små nemofiskar var det og ilag med haiane.

Juli 2011 052Juli 2011 066

Steinbiten er ikkje noko flott fisk, om han så smakar godt i fylgje fagfolk.

Juli 2011 088Juli 2011 095

Ikkje lett å få begge gutane med på same bilde, lite samarbeidsvillige kan ein sei. Så då får me ha dei på kvarsine bilder.

Juli 2011 098Juli 2011 103

Mari og Hallvard klappar på krokodillen. Heldigvis var den i plastikk og ikkje ekte slik som den til høgre som er 4 meter lang og over 300 kg. Denne ville ikkje eg ha møtt, når eg var på bading.

Juli 2011 130Juli 2011 123

Tilbake turen frå akvariet tok me gjennom brusteinsbelagte smale gater. Kosleg og verdt turen.

Juli 2011 119

 

fredag 8. juli 2011

Litt strikking vart det på veg og på Svalbard.

IMG_9847IMG_9848

Etter 6 dagar på reising, har sjalet vakse so mykje. Vart strikka ein del på flyreisa, og på dei to 8 turars båtturane me hadde til Pyramiden og Barensburg. Heldigvis valde eg ei sjal med mykje glattstrikk fyrst, for då får eg med med meg litt anna medan eg strikkar. Når eg er kome til mønsteret så må eg konsentrera meg om det Smilefjes

IMG_9849

På vegen heim att så hadde me ei natt i Tromsø. Og der hadde dei ein fin garnbutikk som heiter Snarby Strikkestudio, og gjett om eg måtte inn der. Masse fint garn hadde dei, så eg kjøpte med meg 3 hesper Cashmere Lace 1 Drops Lace og 1 Noro Kureon Sock Yarn. Gudane må vete kva eg skal strikke, for eg veit det ikkje. Men kjekt å ha er det no. Flott garnbutikk, med stort utvalg.

IMG_9846

I dag har me hatt sol heilt til no i kveld. Då kom regnet att.

No har eg ikkje mykje att av ferien min, berre ei veke. Fint å ha hatt ferie, men veret har ikkje vore med meg i det heile. Håpar de har hatt betre ver enn meg.

onsdag 6. juli 2011

Ei lang helg til Svalbard

Svalbard 11 003Svalbard 11 019Svalbard 11 023

Turen starta på Hukåsen med Widerø til Oslo, og derifrå var det med Sas til Tromsø og så Longyerbyen.

Svalbard 11 046Svalbard 11 043Svalbard 11 055

Her er me på ein guida taxitur rundt i Longyerbyen, veldig kjekk tur.

Svalbard 11 073Svalbard 11 080

På bildet til høgre har me heile tempeldalen i bakgrunnen. Guiden meinte det var veldig viktig å ta bilde framfor dette skiltet.

Svalbard 11 144Svalbard 11 150Svalbard 11 160

Laurdagen var me på 8 timarsbåttur til Pyramiden. Pyramiden ligg under russisk styre. På sommaren budde det ca 16-17 personar der. Om vinteren var det 1-2 personar. Heile denne staden vart fråflytta på kort tid. Ting stod slik det gjorde då folka reiste frå staden. Ute var det mykje rusta skrot.

Svalbard 11 196Svalbard 11 199Svalbard 11 204

Svalbard 11 224Svalbard 11 239

På vegen heim att var me innom ein brearm, hugsar ikkje heilt kva den heiter. Der var det og ein sel som kvilte seg på eit isflak.

KJempe fin tur som er å anbefala. Kjem nok og fleire innlegg frå turen.