Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

tirsdag 28. juni 2011

Mitt fyrste mobiletui.

IMG_9319IMG_9320

Mønster: fann eg på Vanella sin blogg

Stoff: Restar etter strikkeveskene eg har sydd.

IMG_9321

Sit inne i regnveret og kosar meg. Altandøra står på vidt gap, slik at eg høyrer regnet. Og så er 16 grader ute. Litt av dagen har gått til å støvsuge, tørke støv o vaska kle. Da bør jo vera litt ryddig her når mamma og pappa skal passa ungane, medan eg og mannen tek oss ein tur til Svalbard på fredag. Gjett om eg gledar me. Strikketøyet er klart og så er det meld bra ver på Svalbard. Så det kan no berre bli toppenSmilefjes

mandag 27. juni 2011

Blomstrar i regnet....


I dag regnar det att. Trudde sommaren var komen eg etter at me hadde fint ver i helga, men nei då. Det var den ikkje. Kor kjem alt detta regnet i frå? For min del kunne skyene sleppt det ned ein anna stad....

Jentungen ( som snart er vaksen), så eg kan vel kanskje snart ikkje kalla ho jentungen meir...var ein tur ned i sentrum i dag. På ein liten photoshoot med ei jente, så då nytta eg høvet til å kjøpa ei 50 mm linse. Så no har eg vore ute å teke nærbilder. Ikkje har eg peiling på dette, men eg knipsar no i veg og prøver så godt eg kan :)

Så her er eit lite utvalg av blomstrane som er i hagen.
Øverst er det Allium, i midten rhododendron og nederst er det blå valmuesøster. Tre sortar som er fine på kvar sine måtar.


I slikt ver som me har i dag, og som me skal ha dei neste dagane, så er det ikkje anna å gjere enn å sitja inne å strikka:) Noko eg har gjort i dag...


Posted by Picasa

tirsdag 21. juni 2011

Rose red og hals i turkis.

IMG_9112IMG_9113IMG_9114

Har strikka ei Rose red lue og hals som kanskje vert julegåver. Alltid greit å vera litt tidleg ute.

Mønster: Rose red av Ysolda

Garn: Drops alpakka. Lua i dobbel tråd. Hals i enkel tråd.

Pinner: Lue 4 mm. Hals 3,5 mm trur eg.

 

IMG_9110IMG_9095

Her har Hallvard fanga ein skjorunge. Som har fallt ut av reiret sitt.

I dag skin sola endeleg, og eg skal tilbringa den i hagen med litt strikk og litt graving i blomabedda.

Ha ein fin dag allesaman, for det skal eg.

tirsdag 14. juni 2011

Nøstemaskina går seg varm…..

IMG_9115

Har sete ute i dag og nøsta opp hespet med 300 gr wollmeise lace. Det var inga varm fornøying, då det regna og blåste. Gradestokken viste berre 11 grader. Så det var berre å koma seg inn fortare enn svint, og fyra i ovenen. Etter opp nøsting så viser vekta 316 gram med garn. Så kva vert det strikka av dette, jau eg trur eg går for Seraphim sjalet som eg har strikka før. Og for å få det større så kan eg vel berre strikka fleire mønsterrapportar, på sjølve mønster delen. Dette kan vel verta eit fint flystrikk, då eg skal til Svalbard i sommar.

IMG_9117IMG_9118

I går var det sol og varmt på ettermiddagen. I dag så er det kaldt og det regnar.

Kor vert sommaren av?

mandag 13. juni 2011

Babyteppe.

IMG_9100IMG_9104

Sjukemeldiga har gjort til at eg har fått ferdig diverse prosjekt, denne helga. Ryggen kunne ha vore betre, men den er betre enn den var på fredag Smilefjes Men dett kjem eg til å kjenne ei stund framover, så den kjem nok til å øydelegge deler av ferienTrist fjes Men eg lyt nok berre gjera det beste ut av det. Nok om det.

Eg har som de ser strikka eit lite babyteppe. Greit å ha litt tankelaus strikking og. Der pinnane berre går av seg sjølv.

Mønster: La opp 140 masker, og strikka til eg syns det var stort nok.

Garn: Drops Delight.

Pinner: 5 mm.

Storleik: 75 X77 cm.

Mengde: 4 nøster, trur eg.

 

IMG_9109

IMG_9103

Dverg hønene på søndagstur i hagen.

Ha ein veke, allesaman.

fredag 10. juni 2011

Nøstebarnstrikk.

IMG_9091

Ting tek tid, for tida. Ingenting vert gjort, verken ute eller inne. Ute så berre regnar det, så då er det ikkje kjekt å vere ute. Dette skulle då resultert i mykje strikketid, men det vert ikkje strikka ein gong. I alle fall veldig lite. No skulle eg eigentleg ha vore på seinvakt, men sit heima me ilt i ryggen etter å ha løfta svigerfar opp att frå gulvet. Så i kveld har eg strikka ferdig hua til denne jakka. Jakka har lagt ferdig nokre dagar og er ferdig vaska. No er det berre å vente til mottakaren kjem til verda, i desse dagar.

IMG_9093IMG_9094

Mønster: 1909, Strikk til Nøstebarn.

Garn: Merinoull 2.tråds frå Nøstebarn.

Pinner: 2,5 og 3 mm.

Storleik: 6 mnd.

 

IMG_9090IMG_9089

Gledar meg til desse sprett ut i blomst. Ser ut til at den eine er kvit, sjølv om eg sette berre lilla løkar i haust. Får sjå kva farge det vert når den er utsprett.

REGN…….no e eg lei……

lånt frå nettet

Regn er en form for nedbør, og kan opptre i andre former som snø, sludd, slaps (på bakken), hagl og dugg. Regn opptrer når vanndråper faller mot jordoverflaten fra skyer. Ikke alt regn når jordoverflaten, da noe fordamper når det faller gjennom tørr luft. Wikipedia

No er eg dritlei REGNET, kortid har da tenkt å gje seg. No har da regna nesten i eitt i 3 veker, iallefall ikkje langt i frå. Fint innever ja, men eg kjem meg ikkje til noko inne heller. Med detta veret så skulle eg fått strikka masse, men det vert berre nokre omgangar og så er eg lei det og. Ute er det ikkje råd å vera, sjølv med gode kle.

Gje meg styrke til å overleva detta her. No er det siste arbeidshelga før ferien, og skal ferien ha dette veret så veit eg ikkje kva eg gjere……..

fredag 3. juni 2011

Gift i 10 år…..

I går hadde me, eg og Jarle 10 årsbryllupsdag. Utruleg, men sant. Litt opp og nedturar har det vore, men likevel har me hatt da bra. I  fygje statistikken er me inne i den perioden av livet der skilsmissestatistikken er høgast. Eg vart nett 37 og Jarle vert 40 i oktober……så tida framover kan bli hard, i fylgje staistikken.

Det er nemlig rundt 40-årsalderen at det begynner å røyne på for norske ektepar.
Skilsmissestatistikken viser at de fleste ekteskapsbrudd skjer i nettopp denne alderen, og ekspertene mener at mange gjør et veivalg når de nærmer seg middagshøyden.

Tall fra Statistisk sentralbyrå viser at både kvinner og menn som oftest velger å skille seg når de er mellom 35 og 45 år gamle.
I 2005 endte 23,5 av 1000 ekteskap i skilsmisse mens mannen var mellom 35 og 39 år gammel, og tallet var tilsvarende høyt for kvinner. Også i aldersgruppen 40-44 var det mange skilsmisser.
- Når et parforhold tar slutt i den alderen, er det ofte fordi partene tar hverandre og forholdet for gitt.
Begge blir ubevisste på hvordan de egentlig har det, og lar problemene vokse seg over hodet. Dermed blir de uhåndterlige og vanskelige å snu, sier psykolog og samlivsterapeut Frode Thuen.

Denne statistikken skal ikkje me havne i, håpar eg. Slik me har det per i dag så har me da bra. I sommar skal eg og Jarle til Svalbar utan ungar, men med svigermor og svogerSmilefjes Ikkje ofte me er på tur utan ungar, så det skal bli godt. Eg gledar meg.

torsdag 2. juni 2011

Hønse oppdrett……

IMG_9048IMG_9049

Me har hatt ei litt spennande tid her i heimen no. har nemleg hatt egg i rugemaskin, for fyrste gong. Og i går kom den fyrste og einaste kyllingen. Av over 20 egg så vart det berre ein kylling. Ikkje mykje fart i hanefar Smilefjes Minste guten som “eig” hønene har vore heilt i hundre…..

IMG_9050IMG_9053IMG_9054

Desse 4 kyllingane over, var eg på Sotra å henta på tirsdag. 3 dverg kochin høner og 1 hane (svarte). No er dei ca. 5-6 veker gamle. Skal bli spennande å sjå om dei vert så tamme som det står om denne rasen. Endå så er dei no litt skeptiske.

IMG_9051

Her står hanefar og brusar seg. Han er far til den vetle kyllingen heilt øverst. Har og ei høne som ligg “klukk”  og er me heldige så vert det ein kylling der og. Ho ligg på 3 egg men det er berre eit som er befrukta.

Så slik går dagane her….mating og pass av små barn/kyllingarSmilefjes