Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

lørdag 17. september 2011

Baby sokkar igjen….

DSC08418DSC08419

Innimellom er det kjekt å strikka noko som ein ikkje brukar alt for lang tid på. Desse vart til fordi eg skulle få besøk av Grete Letting. Eg ville at ho skulle vise meg korleis ho tek opp maskene til helen. No viste det seg det at ho gjorde det på same måten som meg. Så då er det vel godkjent frå forfattaren av Varme kilder. Kjekt med slike bloggbesøk, som kan anbefalast.

Mønster: Rauma baby nr ?

Garn: Dale baby ull.

Pinnar: 2.5 mm.

Storleik: 6 – 12 mnd.

Denn gongen vog eg nøstene før eg strikka av dei, for å finne ut eksakt kor mykje garn det går til desse små sokkane. Då veit eg kor mykje av reste garnet som kan brukast.

Av botnfargen gjekk det 19 gr. og mønsterfargen 15 gr. Så har du smårestar av babyull så er det berre til å vege dei og sjå om du har nok, og så er det til å strikke slike små sokkar. Kjekt å gje vekk i lag med ein body, når du skal gje ei lita helsing.

DSC08421DSC08420

Her sovast det på dagtid, denne helga…..så ha framleis ei fin helg.

8 kommentarer:

  1. Disse var utrolig fine. Kjempeflott mønster på dem:)

    SvarSlett
  2. Nydelige sokker i fine farger og et flott mønster!
    Kos deg som best du kan både på jobb og hjemme;)
    klem fra meg;)

    SvarSlett
  3. Skulle gjerne ha vært baby ...

    SvarSlett
  4. Hei, Så søte de var, nydelige fargar. Har ikkje prøvd meg på sånne med masse mønster enda, men det kjem. God helg

    SvarSlett
  5. Så søte de er og for et utrolig flott mønster! Så lurt å veide de da, har tenkt på det flere ganger... men har ikke hatt en vekt som bra nok til lave vekter!
    Ha en fin dag, klem.

    SvarSlett
  6. Så herlige babysokker og jeg elsker den type fellinger for da slipper man å tenke så fælt , klem fra Bente :O)

    SvarSlett
  7. Ååå, så søte de var! Elsker fargekomboen!

    SvarSlett