Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 24. mai 2010

Baby sokkar.

IMG_5710 IMG_5711 IMG_5712 IMG_5713 IMG_5714

Rundt oss så skal det ynglast, både venner og kjente skal ha småfolk, frå sommaren og utover. Så no har eg starta babyproduksjon. Litt kjekt å ha liggande litt heimestrikka. No har eg strikka 4 par av denne sorten.

Mønster: Rauma babyhefte, nr?

Garn: Dale babyull.

Pinner: 2.5 mm harmony wood.

Storleik: 6 – 12 mnd.

tirsdag 18. mai 2010

Kiel og 17 mai og litt bursdag.

IMG_5612 IMG_5615 IMG_5625 IMG_5629 Helga har eg og Jarle brukt på ein liten tur med Kielferga. I lag med nokre lastebilsjåførar og fruer. Hatt ein skikkeleg kosleg tur utan ungar. Lastebil har eg fått køyrt med og. Og jammen var det godt at eg hadde strikketøyet med meg. Då Jarle lasta før me reiste heim att på søndag.

IMG_5634For litt kjedeleg er det å sitja i lastebilen.

17 mai vart det ein liten tur i fjøra, men det var kaldt og vått, så det var godt å koma heim att å fyra i ovnen.

 IMG_5650 IMG_5651  IMG_5663  Litt bilder av dei fine ungane. Likar det ikkje men jentungen har vokse mora over hovudet, men kva kan ein no gjera med det. Når eg ikkje har fått fleire høgdehormon.

IMG_5665

På ettermiddagen vart det feira 11 og 36 årsdag her i heimen. Mor og son har bursdag på same dagen. Godt gjort!!

IMG_5695 

I dag har eg kost meg ute i hagen. Gåvakort til bursdagen vart brukt opp på gartneriet i dag. Fiskane dei fekk koma ut i dammen i går kveld, og det ser ut til at dei likte å koma ut. Etter ein vinter i garasjen. I etter middag har eine syster mi med familie vore her og ete kake.

Ha framleis ein fin dag. No er det frustrerte fruer som ventar på meg.

mandag 10. mai 2010

Søndag

IMG_5596 IMG_5597 IMG_5600 IMG_5602

Litt bilder frå hagen på ein sændag i mai (i går). Mannen i huset gjere ferdig taket på garasjen. Eg og minste guten har rydda i hagen, og der fann me nokre blomstrar som er byrja spire og blomstre. Påskeliljene er ca.3 cm høge og blomstrar. Det har vore slike potteliljer som ein kjøper til påske. I år så blomstrar dei nesten før dei kjem opp.

IMG_5603Etter at mannen i huset reiste på jobb, jentungen på fotballkamp og elsteguten var hjå onkelen sin, så fann eg og minste guten is. Så her sit eg ute og kosar meg med is og strikketøyet. Eit godt og varmt teppe har eg over beina. For det var kaldt ute, sjølv om sola skein.

 IMG_5605 IMG_5606 Her er resultatet etter eit par kveldar med strikking. Rose sokkar i storleik 6 – 12 mnd. Strikka i dale baby ull. Ikkje da stora innhogget i garnlgeret men, eg kan no strikke fleire. Dei kan no vere kjekt å ha liggane, når det no i framtida er mange rundt meg som ventar små. Og Åse Elen her er dei. Fine ikkje sant?

onsdag 5. mai 2010

Ei lita oppdatering rett før leggetid……

 

IMG_5593 

Ei lita oppdatering sånn rett før leggetid. Skal opp tidleg i morgon på jobb. Hadde desse ståande på arbeidsbordet mitt og fann ut at eg fekk ta bilde og blogga dei med ein gong, så var det liksom gjort. Godt med alt som er gjort. Tidlegare i kveld har ungane og eg prøvd 17 mai. kledna våre. Nokre med litt trongare kle enn i fjord, men det snakkar me ikkje om. Så no er det berre å ta fram strykehjarnet og stryka 3 bunadskjorter og to vanlege skjorter. drittarbeid spør du meg……likar det ikkje.

IMG_5589 IMG_5590 IMG_5591 IMG_5592

Desse myntpungane er same som den i forrige innlegg. timotei  var det som hadde laga så fin forklaring på desse. Nei no er det rett i seng. God natt alle bloggvener.