Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

torsdag 8. april 2010

Lenge sidan sist……

Heile påska og vel som det har gått til jobbing. Ikkje ein dag fri på nesten 2 veker. Så lysta til å bloggen den har vore ganske død…. Har vore meir oppteken med å strikke og lese andre sine bloggar, for der har eg vore… alltid kjekt å sjå kva andre gjer og lagar.

 

IMG_5536

Denne påskelilja har stått og blomstra inne på spisebordet, men no har den sitt sine siste dagar og er på veg ut or huset. For å få eit nytt liv ute. Og håpar den kjem att til neste vår. Dei eg planta ifjord dei er på veg opp….

IMG_5542

Dersom dette er Hestehov så er det dei einaste i milsomkrets. For desse har ikkje eg sett her i nærleiken. For desse må ha kome med på flyttelasset ein gong eg plukka med meg ei rot.

IMG_5545  Slik såg ut her på 2. påskedag. No er det endå mindre.

 IMG_5551IMG_5552 Det har no vorte litt strikking i påska og. Nokre nattevakter og so var den ferdig denne babyjakka. Må sei eg vart fornøgd med knappane :)

Mønster: Rauma eit eller anna.

Garn: Dale baby ull.

Pinne: 2.5 og 3 mm.

Storleik: 9 mnd.

IMG_5550

2 kommentarer: