Om meg

Bildet mitt
Sogndal, Sogn og Fjordane, Norway
Eg er ei jente på 40 år, har 3 barn og er gift med ein trailersjåfør. Likar å strikka, ta bilder og sy litt. Gåturar i fjellet er og heilt herleg.

mandag 12. april 2010

Karin the Kurbits Hat

IMG_5533 IMG_5532

Denne har lagt ferdig leeenge. Men så var det då å få tatt bilde og blogga den. Det tek tydlegvis lang tid og. Men, men her er den. Mønsteret får du kjøpt her her.

Mønster: Kjøpt på Loopy ewe.

Garn: Austermann og zauberball.

Pinner: 2 og 2.5 mm.

 

I vinter kjøpte me oss campingvogn. Jippi skal bli spennande å sjå om me er ein slik camping familie. I går og i dag har eg og jentungen vaska heile campingvogna innvendig. Den har stått vekklagra til me drogg den heim her i påska. Men sidan eg har jobba i strekk i nokre veker så har eg ikkje hatt tiltak å byrja på den før no. Så det som gjennstår no er å vaska putene.

Dei fine dagane som har vore no i helga har vore nytt ute på altanen og rundt i hagen med diverse rydding. Litt tidleg her som eg bur. Tidlegare har me vore heldige om snøen har vore vekke til 17 mai. Men slik har det ikkje vore dei siste åra, og iallefall ikkje i år for no er nesten all taksnøen vekke og. Heilt utruleg spør du meg. Faren no er at eg vert litt for ivrig i blomstrane og at det då kjem skikkeleg med minus grader att. Noko som er meldt tl helga –8 seier svogeren min…..tida vil no vise om det vert so kaldt. Då får no blomstrar vere blomstrar. Butikken har masse meir:)

Ha ei fin veke alle saman.

4 kommentarer:

  1. Høres spennende ut med campingvogn, har aldri prøvd det;)
    Det har jo bølitt så populært med "fastboende" vogner;)
    Flott lue!

    Nyt kvelden og klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Så flott ei lue du har strikket:-) Og fin effekt på garnet ble det. Har aldri kjøpt fra The Loopy Ewe, men vært innom mange ganger. (mest for å se om de har Wollmeise, da..og det har de visst aldri)
    Gratulerer med campingvogn - det blir nok kjekt!
    Ønsker deg og dine fine dager med godt vårvær framover!

    SvarSlett
  3. Så flotte huer du har strikka i det siste :)

    Turen min til Sogndal denne gongen vart berre eit kort stopp på Sogningen/skysstasjonen. Venta berre på å bli plukka opp før vi tok turen vidare til Hemsedal ;)

    Skal sjå om eg får gitt beskjed neste gong, mulig det blir neste helg..

    SvarSlett
  4. Flott lue du har strikket. Likte godt det mønsteret.

    SvarSlett